Hopp til innhold

Hoppveke-håpet si store frykt er å få mandelen i grauten

HORNINDAL (NRK): Skihopparen er uredd når han flyr ned stupbratte hoppbakkar, men å finne mandelen i grauten tykkjer han er skummelt.

Anders Fannemel

PÅ HEIMEBANE: Anders Fannemel har vore heime i Hornindal på juleferie. No er han klar for hoppveka.

Foto: SILE GUDDAL / NRK

– Det er flaks kvart år eg ikkje får mandelen, ler Anders Fannemel.

I jula har han vore saman med familien heime i Hornindal for å lade opp til hoppveka i Oberstdorf som startar på fredag. For familien Fannemel er mandel i grauten like viktig som pinnekjøt på julaftan. Anders gjer alt for å hoppe lengst, men å finne mandelen i grautskåla kan heller resten av familien kjempe om.

– Eg er allergisk, så det er ein jo rulett kvar jul. Eg bør ikkje tygge mandelen.

Merkeleg nok har han heller aldri fått mandelen. Like greitt, meiner Fannemel.

– Premien til den som finn mandelen er ein marsipangris, og det er ein dårleg premie for meg, gliser han.

Anders Fannemel
Foto: NRK

Kunne ta juleferie med siger i lomma

Årets beste julepresang fekk han nokre dagar før julaftan. 16. desember vann han verdscuprennet i stor bakke i Engelberg. Då hadde det gått nær eitt år sidan førre nordmann vann ein individuell siger i verdscupen, og fleire år sidan Fannemel vann eit renn på det same nivået.

– Det var viktig for laget. Tyskarane har vunne for mykje, så det var godt å slå dei.

Spolar ein tida kort tilbake var sjølvtilliten som skihoppar på botn. 26-åringen fekk det ikkje til å stemme i hoppbakken. Ein måtte langt ned på resultatlistene for å finne namnet til Fannemel.

– Det var godt å få bekrefting på at ting funkar bra no, og at eg framleis kan hevde meg i toppen.

– Ein skal kjenne på at det er tøft

Han var 12 år første gongen han sette utfor ein hoppbakke. Sidan då har det vore fleire tunge stunder i jaget etter lange svev, men Fannemel er kjend for å aldri gi opp.

– Ein skal kjenne på at det er tøft. Det er berre med på å gjere det ekstra spennande, seier han.

Ambisjonane har likevel aldri vore anna enn skyhøge, noko dei også er når Fannemel skal hoppe inn det nye året

– Eg skal kjempe i toppen. No håpar eg at eg får ein god start i kvaliken i Oberstdorf. Ting vert enklare om ein får kontroll frå første hopp.

  • Hoppveka kan du følge på NRK frå 29. desember 2017 til 6. januar 2018