Hopp til innhold

OL-håpet famlar etter hoppforma

Anders Fannemel persa på alt av fysiske testar i sommar, men får det ikkje til å stemme i hoppbakken.

Anders Fannemel på veg ned trappa

IKKJE NØGD: Anders Fannemel har slite med å finne forma i sommar. – Eg ynskjer å vere ein World Cup-hoppar som kjempar om topp-ti og pallplasseringar, men akkurat no er eg ikkje der, vedgår han.

Foto: Rune Fossum / NRK

I vinter er det både OL og VM i skiflyging.

– I Norge er fem hopparar i bra form. Eg er ikkje ein av dei, konstaterer honndølen når sommarens Grand Prix nærmar seg slutten.

Langt nede på listene

Sommaren starta bra med personlege rekordar på alle dei fysiske testane. Men i bakken har det gått trått. Åttandeplass er sommarens beste plassering for mannen bak verdas tredje lengste skihopp.

Elles må ein langt ned på resultatlistene for å finne Anders Fannemel. I samandraget er han heilt nede på 30. plass.

– Eg skulle gjerne gjort det betre, men er ikkje uroa heilt enno. Eg har heldigvis mykje å gå på fysisk, teknisk og på utstyrsfronten, så eg håpar det losnar når det blir kaldare i lufta, seier 26-åringen.

Ikkje overraska

Fannemel er likevel ikkje overraska over dei dårlege resultata i sommar.

– Sjølv om den fysiske forma var bra tidleg i sommar, så er det diverre slik at teknikken ikkje alltid heng saman med fysikken, seier han og trur kanskje betre fysisk form har gått ut over teknikken. Og hopp er som kjent teknisk.

– Ein søkjer gjerne små detaljar som kanskje ikkje er teknisk mogleg med den kroppen ein har. Så byrjar ein å rote, og då skal det lite til før ein fell ned på eit lågare nivå.

Går utover sjølvtilliten

Fannemel vedgår at sjølvtilliten som skihoppar har fått seg ein knekk i sommar.

– Men eg har vore borti liknande før. Det einaste eg kan gjere er å jobbe vidare og håpe at ting losnar. Saman med landslagsleiinga har eg ein god prosess. Difor er eg ikkje veldig uroa heilt enno, seier han.

Planen no er å sleppe meir opp på treninga.

– Det er lettare å hoppe når ein ikkje er støl i beina og tung i kroppen, legg han til.

God i fjor sommar

Fannemel står over Grand Prix-rennet i Hinzenbach om to veker, men planlegg å vere tilbake til avslutninga i Klingenthal 2. og 3. oktober.

Så ventar NM i Midtstubakken siste helga i oktober, før verdscupen dreg i gang 15. november i Wisla.

– Det er alltid bitar som skal på plass, men no er det litt fleire bitar. Eg håpar det losnar mot oktober og dei siste sommarhopprenna, seier Fannemel og avsluttar:

– I fjor var eg god heile sommaren og tok sigrar og pallplasseringar utan at det hjelpte då snøen kom. Eg håpar det blir motsett i år.