Her seier fylkespolitikarane ja til Vestlandsregionen

LEIKANGER (NRK): Fylkestinget går inn for at fylket Sogn og Fjordane skal vere historie frå 2020.

Stemming vestlandsregion

FYLKESTINGET: Med 19 mot 11 stemmer gjekk Fylkestinget i Sogn og Fjordane inn for å slå eg saman med Rogaland og Hordaland i ein Vestlandsregion frå 2020. Sogn og Fjordane var først ute med å ta standpunkt, i løpet av dei neste vekene skal også dei to andre fylka ta standpunkt. NB: Dei som har handa oppe stemmer nei til Vestlandsregionen, dei som sit i ro stemmer ja.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Med 19 stemmer for og 11 i mot Fylkestinget ja til Vestlandsregionen.

Det viser at politikarane stemte slik dei sa dei ville under NRK si kartlegging tidlegare denne månaden, altså i mot folkeviljen i fylket.

I si tilråding skriv fylkesrådmannen at dei først og fremst ynskjer ein Vestlandsregion saman med Rogaland og Hordaland.

Fylkesutvalet i Rogaland har sagt nei til Vestlandsregionen – dei vil i alle fall ikkje slå seg saman med Sogn og Fjordane som er så langt borte. Sjølve fylkestinget i Rogaland skal bestemme seg neste veke.

Difor seier fylkesrådmannen at det også er ein moglegheit at Sogn og Fjordane snakkar vidare med Hordaland om samanslåing, men også med Møre og Romsdal om dei ynskjer det.

Fylkestinget sitt vedtak i dag er rådet dei gir til Stortinget. Dei skal bestemme til slutt kva fylke som skal slåast saman.

Desse vil at Sogn og Fjordane skal stå aleine

Senterpartiet (Sp), Miljøpartiet dei Grøne (MDG) og Sosialistisk Venstreparti (SV) slo igjen eit slag for at Sogn og Fjordane skal bli ståande åleine.

– Fleirtalet på Stortinget og regjeringa meiner dette er best for oss. Men eg har ikkje høyrt nokon her seie heilhjarta at dette er best for oss. Eg meiner vi gjer knefall for sentraliseringa, seier Sigurd Reksnes frå Senterpartiet.

SP-bnk under fylkesting

MISNØGDE: Senterpartibenken brukte debatten på å seie at Sogn og Fjordane klarer seg best åleine. Her høyrer dei på Arbidarpartiet sin Hilmar Høl, som meiner Sogn og Fjordane klarar seg betre saman med fleire fylke i ein region. (Frå høgre: Sigurd Reksnes, Aleksander Øren Heen og Anders Fyssdal).

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Sp, MDG og SV meiner Stortinget har lova for lite oppgåver til dei nye regionane.

– Så langt ligg det ingen nye oppgåver på bordet. Difor trur eg motivasjonen til regjeringa er sentralisering, seier Reksnes i Sp.

Fleire av partia som stemmer ja til Vestlandsregionen meiner Sogn og Fjordane må sette seg i førarsetet.

– Dersom vi ikkje tek grep i dag, risikerer vi å bli plassert. Eller i verste fall, delt. Vi må vise at vi tek styring, og ikkje blir styrt, seier fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes frå Arbeidarpartiet.

Noralv Distad som representerer regjeringspartiet Høgre, meiner Sogn og Fjordane får meir slagkraft austover om vi slår oss saman.

– Eg meiner vi vil få ein region som Oslo i større grad vil lytte til og gi oppgåver, seier Distad.

Alle heiar på nynorsken

I tilrådinga frå fylkesrådmannen presiserer at det ligg til grunn at nynorsk blir administrasjonsspråk i eit nytt vestlandsfylke.

Gunhild Berge Stange

HJARTESAK: Nynorsken er viktig for mange av partia. Spesielt Venstre og Gunhild Berge Stang slo eit slag for nynorsk som administrasjonsspråk Vestlandsregionen.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Nynorsken er ikkje eit tema vi skal marginalisere. Det er viktig for eit mindretalsspråk å ha eit hjarteland. Om ikkje Vestlandet er det hjartelandet, vil det svekke nynorsken som språk, seier Gunhild Berge Stang frå Venstre.