Nei til Vestlandsregionen
Fleirtalet i fylkesutvalet i Rogaland seier nei til ei samanslåing med Hordaland og Sogn og Fjordane. Berre Arbeidarpartiet og KrF stemte for. No går saka vidare til fylkestinget, som skal stemme over forslaget om ein Vestlandsregion i byrjinga av neste veke.