Intensjonsplanen for etablering av Vestlandsregionen har vore ute på open høyring, der det er mogleg å sende inn synspunkt på om Hordaland bør inngå i eit nytt regionalt folkevald nivå saman med Rogaland og Sogn og Fjordane.
Opp mot ni av ti høyringsfråsegner til no krev nynorsk som administrasjonsspråk i det framtidige storfylket.
– Vi har lang erfaring i vår private daglegtale for å bruke nynorsk. Dersom det skulle bli sett ein stoppar for det, er det sterkt provoserande, seier forfattar, dramatikar og kritikar Einar Økland.
FRYKTAR KONSEKVENSANE: Einar Økland er redd det kan føre til splid og mistru, dersom nynorsk ikkje blir administrasjonsspråket i ein ny Vestlandsregion.
Foto: Marte Rommetveit- Les òg:
Frå heimstaden Valevåg i Sveio har han følgt med på det som har blitt den store debatten rundt den nye Vestlandsregionen: Om administrasjonsspråket skal vere bokmål eller nynorsk.
«Å ekskludere nynorsk målbruk frå den vestnorske regionen sitt styrings- og forvaltningsinstrument vil vere ei symbolsk handling som ikkje gir nokon gevinst, men like gjerne kan føre til langvarig splid og mistru,» skriv Økland i sitt høyringsutsegn.
Les òg:
– Ville vere tragisk
Onsdag er 180 høyringsfråsegner lagt ut på nettsidene til Hordaland fylkeskommune, men det er venta endå fleire før fristen går ut.
Forfattar og dramatikar Jon Fosse meiner Vestlandet er utenkjeleg utan nynorsk, og at nynorsk må vere administrasjonsspråket i ein ny storregion.
UTENKJELEG: Forfattar og dramatikar Jon Fosse meiner ein Vestlandsregion utan nynorsk er utenkjeleg.
Foto: Eggert Jóhannesson, Eggert Jóhannesson / Morgunblaðið / NTB scanpixSpråkvitar Sylfest Lomheim skriv i si høyringsfråsegn at det er ulikt vestlendingar å ikkje velje det smarte, om dei har sjansen.
«Det ville vera tragisk, og eit signal om at vestlendingane ikkje lenger duger, om dei kom skeivt ut i ei så viktig sak som dette».
- Les òg:
Mange engasjerte
– Eg opplever eit stort engasjement, og det har eg stor respekt for, seier fylkesordførar i Hordaland, Anne-Gine Hestetun.
Tidlegare i haust skapte det sterke reaksjonar då Hestetun saman med fylkesordførarane i Rogaland og Sogn og Fjordane gjekk inn for at eit framtidig storfylke skal vere språknøytralt.
Leier av Mållaget, Magne Aasbrenn, seier dei har oppfordra alle medlemane sine om å sende inn høyringsfråsegn. Han meiner det sterke engasjementet må takast omsyn til i det endelege vedtaket.
– Det viser at språk ligg nær hjartet til folk, seier Aasbrenn.
- Les òg:
Riksmålsforbundet og Bergens Riksmålsforening skriv i sitt høyringsfråsegn at valet av administrasjonsspråk bør følgje alminnelege demokratiske prinsipp, og dermed bli bestemt ut frå den målforma som fleirtalet av befolkninga brukar.
Fylkesordførar Anne-Gine Hestetun seier det store engasjementet for nynorsken vil bli tatt med i dei vidare vurderingane.
– Det er ein viktig del av høyringa som vi vil ta på alvor.
Endeleg vedtak om etablering av Vestlandsregionen skjer i dei ulike fylkestinga i desember.