Vil gjere alt for å bli sittande her

GAULAR (NRK): Veteranpolitikaren Mathias Råheim og Høgre overraska alle med brakvalet for fire år sidan. Senterpartiet vil ha bastionen Gaular tilbake, men Råheim lovar kamp.

Mathias Råheim

VIL BLI SITTANDE: Mathias Råheim trivast godt som ordførar. Meir givande enn noko anna verv eg har hatt, seier 63-åringen.

Foto: Eirik Hildal / NRK
Eirik Hildal
Journalist
Vallogo

– Desse åra står som nummer éin. Å vere ordførar i sin eigen heimkommune, og føle at ein får ting til å skje, har vore heilt topp, seier Råheim frå stolen på ordførarkontoret.

Valnatta 2011: Resultata viser at Senterpartiet har gått tilbake frå nesten reint fleirtal, ti av 21 representantar i kommunestyret, til berre seks. Høgre har meir enn dobla talet representantar frå tre til sju.

Etter eit langt politisk liv, med 28 år på fylkestinget og endå fleire i kommunestyret, kunne Mathias Råheim endeleg kle seg i ordførarkjeda. Men éin mann vil det annleis.

Vil ta makta tilbake

Som så mange andre frå Gaular pendlar Johnny Kårstad til jobb i Førde, som avdelingsleiar på Yrkesklær. Til hausten håpar han pendlinga blir frå heimstaden Bygstad til rådhuset i kommunesenteret Sande.

– Å ta over ordførarstolen er utan tvil det som er målet.

Johnny Kårstad

ØKONOMI: Kårstad, som her ekspederer ein kunde på butikken Yrkesklær i Førde, der han er avdelingsleiar, seier økonomistyring blir ein viktig prioritet framover.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Før Mathias Råheim gjorde eit brakval i 2011 hadde senterpartifolk styrt Gaular sidan 1973. Rett nok hadde Samlingslista ordføraren frå 1995 til 2003, men lista var full av SP-folk og tidlegare Senterparti-ordførar Per Kjelstad sat med klubba.

Kårstad er ikkje ein mann utan politisk erfaring. Han var kommunestyrerepresentant for Samlingslista frå 2003 til 2011. Men no er han listetopp for Senterpartiet. Slikt medfører intervju og akkurat det er ein ny situasjon for 48-åringen.

– Du har øydelagd nattesøvnen min. Det er første gang eg sit i ein slik situasjon, ler han.

– Må vere herre i eige hus

Men han er budd på at det blir langt fleire slike situasjonar, dersom han greier å få veljarar tilbake til Sp.

– Det som er viktig å få på plass no er utan tvil økonomistyring, seier han etter å ha ekspedert ein kunde som frys på beina og vil ha ullsokkar.

Gaular hamna i juli på Robek-lista, registeret over kommunar som er i økonomisk ubalanse. Kommunar på lista må ha godkjenning av fylkesmannen for å gjere låneopptak eller leigeavtalar. Difor set Senterpartiet økonomistyring som punkt nummer éin.

Mathias Råheim

TVERRPOLITISK: Mathias seier økonomistyringa er eit tverrpolitisk ansvar, og eit problem som byrja då Senterpartiet sat ved makta.

Foto: Eirik Hildal / NRK

– Det er å vere herre i eige hus, for å kunne utvikle den kommunen vi vil ha, slik vi vil han. No er det 5,5 millionar i underskot med dei som sit med makta i dag, seier Kårstad.

– Nei, seier ordførar Mathias Råheim bestemt. Eg har ein bunke her som du kan få lese med tid og stunder, seier han og raslar med papir på kontorpulten på ordførarkontoret.

– Disposisjonsfondet som vi kunne redde oss med vart brukt opp førre periode, når eit parti han høyrer til sat ved makta. Vi starta med null på bok, og fekk i 2012 utgifter vi er nøydde til å ta. Vi skal jamne det ut det så fort som mogleg, seier ordføraren.

Lite støtte til samanslåing

Kommunesamanslåing er ei viktig sak for alle kommunar i Sunnfjord. Ni kommunar er framleis med i prosessen for å undersøke om storkommunen Firda kan fungere.

Olve Grotle og Førde er positive. Men i nabokommunen får Grotle lite støtte.

Gaular har i dag nesten 3000 innbyggjarar. Kårstad fryktar for retten til å bestemme i eigen kommune med ei samanslåing med Førde, og tek som døme eit nytt storkommunestyre med 35 representantar.

– Vi vil kanskje få fem representantar basert på folketalet. Gaular, Naustdal og Jølster vil ha mindretalet. Førde er størst og vil ha fleirtalet. Då må ikkje du seie at vi kan sitje å forvalte Gaular på ein god måte. Vi har ikkje fleirtal og kan ikkje bestemme lenger, seier han.

Råheim leiar Samarbeidsforum i Sunnfjord, som har ansvaret for utgreiingane av storkommunen i Sunnfjord. Han vil ikkje ta stilling til kommunereforma enno, og seier ei folkeavstemming i Gaular blir avgjerande for kva Høgre skal meine.

Då gaulværingane hadde folkeavrøysting om kommunesamanslåing i Sunnfjord i 2003, var Råheim positiv.

– Men no er eg langt meir skeptisk. Veldig mykje meir skeptisk.

– Kvifor?

– Eg ser at vi greier oss bra åleine. Spørsmålet er kva tenester vi får behalde. Vi vil ha skulane, barnehagane og ikkje minst helse- og omsorgstenestene slik som i dag. Dette er fundamentale ting som ligg i botnen for kva eg skal meine.

To motiverte kandidatar

– Det er ei spennande utfordring. Eg håpar vi vinn valet, for det finst nye moglegheiter og nye oppgåver som kjem for Gaular, og det er spennande, seier Kårstad, som har svært lyst å ta over ordførarkontoret.

Men Råheim er ikkje klar til å gå ut døra enno. Trass i ein mannsalder i kommunestyre og fylkesting, verv som fylkesordførar og fylkesleiar i Høgre, og oppmøte på Stortinget og plass i partiet sitt sentralstyre: Ingenting slår å vere ordførar i heimkommunen.

– Desse åra har gitt meg utruleg mykje, og det er veldig interessant. Det er mange ting eg og Høgre framleis vil gjere for Gaular kommune. Og det skal vi få til om vi vert store nok, og eg framleis blir ordførar.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.