Hopp til innhold

Klarar Mathias å halde på klubba?

Det store spørsmålet i Gaular er om Senterpartiet klarar å ta att tapt terreng. Mathias Råheim (H) har ingen planar om å gje seg utan sverdslag.

Mathias Råheim og Sande sentrum

VETERAN: Mathias Råheim (H) vil gjerne halde fram som ordførar i Gaular.

Foto: NRK

Vallogo

Gaular er Senterpartiland. Heilt sidan 1973 har partiet hatt ordføraren – dersom ein reknar Per Kjelstad som Senterpartimann også då han representerte Samlingslista frå 1995 til 2003. Ved valet i 2007 fekk partiet – då med Jenny Følling på topp – heile 44,8 prosent oppslutning. Men i 2011 var det slutt på senterpartidominansen. Leif Bell var ny ordførarkandidat etter Jenny Følling, som satsa på heilt og fullt på fylkespolitikken. Ho skulle bli fylkesordførar etter partifellen Nils R. Sandal – noko som ikkje lukkast i 2011.

Men partiet gjorde eit relativt dårleg val i Gaular, og Bell vart vraka av veljarane ved at andre kandidatar på lista fekk ekstrastemmer som førde dei forbi listetoppen. Bell kom ikkje inn i kommunestyret. Høgre vart valvinnaren, og Mathias Råheim, med 28 år bak seg som fylkestingsmedlem og i kommunestyret, som vara til Stortinget og mangeårig fylkesleiar i Høgre, fekk ta over ordførarklubba i heimkommunen.

No skal Råheim prøve å behalde klubba i fire nye år, men Senterpartiet har nok svært lyst til å ta den posisjonen tilbake. Den som frontar Sp i årets val er Johnny Kårstad. Kårstad har ikkje vore med i kommunestyret dei siste periodane og har ingen lang politisk CV. Det blir difor spennande om han kan vippe veteranen Råheim ut av ordførarstolen.
Veljarane i Gaular har i år som sist seks lister å velje mellom. KrF har noverande varaordførar Norunn Lunde Furnes på topp, SV har Heidi Vallestad, og Ap har Anita Eide Kvamme. Alle desse var listetopp også ved sist val. Venstre har ny toppkandidat: Øystein Adler Øvrebø.

Auke av eigedomsskatt kan vere eitt middel til å auke inntekter, og enkelte parti i Gaular er villige til å sjå på ei slik løysing

Eldgrim Fossheim, NRK-kommentator

Gaular slit med økonomien, og har gjort det lenge. I juli gav fylkesmannen melding om at kommunen var på Robek-lista. Det vil seie at budsjetta ikkje er i samsvar med lova, den økonomiske fridomen til kommunen er redusert og fylkesmannen skal mellom anna godkjenne låneopptak. Det betyr vanlegvis kutt i budsjett og innstrammingar der det er mogeleg. Auke av eigedomsskatt kan vere eitt middel til å auke inntektene, og enkelte parti i Gaular er villige til å sjå på ei slik løysing. Eit anna tiltak når økonomien blir pressa er å slå saman eller sentralisere tilbod. For Gaular er det aktuelle tema å flytte ungdomsskuleelevar frå Viksdalen skule til skulen på Sande 20 kilometer unna, men på ein ganske rasutsett veg.

Gaular er også i gang med kommunereforma. Det har dei vore igjennom tidlegare. Rundt år 2000 hadde Gaular, Førde, Naustdal og Jølster greidd ut spørsmålet om kommunesamanslåing, og regjeringa lokka med ei økonomisk gulrot om kommunane gjekk saman. Saka var opp til folkerøysting i 2003, og kommunane rundt Førde sa nei den gongen. No er kanskje tida moden for den løysinga som vart stemd ned i 2003, men samstundes ser Gaular saman med ni andre kommunar i Sunnfjord og ytre Sogn på ein felles storkommune. Dette blir den store saka for lokalpolitikarane etter valet.