Hopp til innhold

Her har Ask Johannes (2) nådd toppen 2000 meter over havet

Etter ti timar med motbakke gjekk minstemann i turfølgjet sjølv dei siste meterane opp på Lodalskåpa. – Gjer turen til ei reise, ikkje til ei transportetappe, er rådet frå far og turbokforfattar.

Anders Baumberger og sonen Ask Johannes nesten på toppen av Lodalskåpa

FORNØGD LITEN KAR: Ask Johannes sat både i pulk og beremeis store delar av turen, men det siste stykket mot toppen gjekk han sjølv.

Foto: Privat

Lodalskåpa 3. juni: Eit turfølgje på fem vaksne og Ask Johannes Baumberger (2) har gått frå frodige, grøne Bødalen i Loen og opp i vinterlandskapet på Jostedalsbreen. Etter ti timar på tur når dei toppen av det majestetiske fjellet på 2083 meter over havet.

– Ask Johannes synest det var berre stas. Heilt til eg på toppen sa at han måtte ha på seg vottar. Då vart det ein liten far-son-diskusjon, som eg vann, fortel far Anders Baumberger.

Han hadde planlagt å gå den krevjande turen utan sonen, men vart overtydd til å ta med seg gutungen, som er frelst på snø, is og pulk.

-– Eg tenkte at om vi tok oss god tid og tenkte litt annleis om turutstyret, så var det mogleg. Vi trudde det kom til å bli ein dryg tur, men eg må vedgå at den vart drygare enn vi hadde trudd, i tid.

Ask Johannes Baumberger på veg til toppen av Lodalskåpa

PÅ VEG MOT TOPPEN: Bileta av toåringen som ser tilbake på det høgste fjellet på Jostedalsbreen fortel om ein sliten, men fornøgd liten kar.

Foto: Privat

Turglede for store og små

Veka før turen til Lodalskåpa hadde Baumberger hatt med seg toåringen på Galdhøpiggen. Baumberger er ein røynd friluftsmann, forfattar av «Turboka» og brenn for å ta med barn på tur.

Han har trua på å gje større barn utfordringar dei har lyst til å ta fatt på.

– Har barna jobba litt, kanskje gått ein eller time eller to før dei når eit utsiktspunkt, så har dei investert i turen. «Nytelsen på toppen blir større, når ytelsen har vore større», seier Baumberger.

Turen kan gå rett utanfor stovedøra eller til ein topp. Vinsten er stor for både vaksne og barn, meiner han.

– Når vi er på tur og mobilen er av, er eg til stades for barnet. Det er den største vinsten. I tillegg får barna brukt kroppen. Har ein med andre og skravlar i lag på turen, får barna dei sosiale relasjonane òg.

Har sjølv måtte snu to gonger

Turfølgje med Anders Baumberger på veg til Lodalskåpa

OPP DIT: Her står turfølgjet og ser opp på toppane som er mål for turen, Lodalskåpa og Veslekåpa. I tillegg til Anders og Ask Johannes Baumberger var også Arnfinn Redse, Ingrid Marie Martinsen, Johan Kvarving Vik og Sigbjørn Hals, med.

Foto: Privat

Turen til Lodalskåpa vil han likevel ikkje tilrå som familietur. Baumberger har sjølv snudd i to av fire forsøk.

– Lodalskåpa er ikkje noko familiefjell. Det eignar seg viss ein har mykje erfaring, og kanskje for ungdommar som er klare for å ta nye steg. Det finst mange alternativ for små barn, der ein får dei same opplevingane.

For vaksne i ok form tek turen gjerne rundt tolv timar. Turfølget brukte seks timar meir.

– Då gjeld det at turen ikkje blir ein transportetappe der barnet blir frakta frå botnen av fjellet og ned att. Kvar etappe er ei reise i seg sjølv, der ein vekslar mellom beremeis, å la barnet gå sjølv, sove og leike.

Anders og Ask Johannes Baumberger på Lodalskåpa

DETTE GLØYMER DEI IKKJE: – Naturopplevingane sit igjen. Vi har fleire bilete på netthinna enn på datamaskina. Ein fjelltur varer lenger enn dei dagane turen varer. Denne turen blir med oss, seier Anders Baumberger. Her med sonen Ask Johannes på armen på toppen av Lodalskåpa.

Foto: Privat

Minstemann motiverte dei andre

Sigbjørn Hals på toppen av Lodalskåpa

EI GÅVE: Sigbjørn Hals frå Halsør nådde Lodalskåpa for første gong, eit halvt år etter at han fekk hjerneslag. – I starten sa eg at eg ikkje var sikker på om det var ei gåve eller ei straff. Etter ha gjennomført kan eg konkludere med at det absolutt var ei gåve.

Foto: Privat

Turen til Lodalskåpa var planlagt som ei bursdagsgåve til Sigbjørn Hals. For han vart turen ekstra spesiell. Ei tid etter at han fekk turen i gåve, vart han råka av slag. Å nå toppen var eit viktig mål i prosessen mot å bli betre.

– Mange har gått den turen før, og for dei er det ikkje så stort. Men for meg var det ei herleg kjensle å stå på toppen. Eg kjem aldri til å gløyme turen, det var stort å vere med på, seier Hals.

For han og Ask Johannes vart det første tur til Lodalskåpa. Hals synest turkameraten greidde seg utruleg bra.

– Ikkje mange toåringar ville ha vore så positive. Han song – og vi skulle svare. Det var «Heia Sigbjørn» frå han.

Klokka var fire på morgonen då turfølget returnerte til bilen og skulle ta fatt på heimvegen. Men toåringen ville ikkje ned att, han ville gå meir.

– Ingen av oss som var med på turen, kanskje med unntak av minstemann, kjem til å gløyme denne turen, seier Baumberger.