Hopp til innhold

Bar med seg oppblåsbar nisse opp på den høgaste sjøklippa i Europa

Harry Gulestøl var redd for den oppblåsbare «Nissen» sitt ve og vel. Likevel sende han den seks meter høge julenissen ut på ein spesiell luftetur til Hornelen i Bremanger.

Oppblåsbar nisse på toppen av Hornelen

NISSE MED UTSIKT: Det er nok mange julenissar verda over som vil misunne den oppblåsbare nissen i Bremanger denne utsikta.

Foto: Privat

Det heiter seg at hemnen er søt. Og for Jan Fredrik Fosse og tre vener vart det eit slit då dei måtte bere med seg den seks meter høge nissen opp på den høgaste sjøklippa i Europa.

– Vi er slitne og har jammen jobba for å få opp den nissen. Det skal Harry vite, humrar Fosse.

Bileta av nissen som står på kanten av Hornelen, 860 meter over havet, taler for så vidt for seg sjølv. Det er jo litt galskap å dragse med seg ein gigantisk luftballong, eit motorsykkelbatteri og fleire pumper til fjells vinterstid.

Det var VG som først skreiv om nissestuntet på Hornelen.

Bad dei ta med «Nissen» på tur

Bar oppblåsbar nisse opp på Hornelen - den høgaste sjøklippa i Europa

SPESIELL TUR: Jan Fredrik Fosse, Leni Marie Lisæter, Jannike Brenden Frøyen og Svenn Petter Kjerpeset fekk seg ein tur utanom det vanlege med ein relativt svær femtemann som turkamerat.

Foto: Privat

Påfunnet er det Gulestøl som står for. Tidlegare i desember vart han møtt av den svære julenissen heime på tunet, etter at kameratane hadde snikpynta huset hans til jul.

Som hemn gav han dei ei utfordring tilbake.

– Eg kunne ha snikpynta huset deira endå verre, men eg tenkte dei måtte få ei utfordring som kosta dei litt krefter.

– Du ville ikkje vere med sjølv?

– Nei, er du galen. Eg er glad i fjellet, men ikkje i slike ekstreme greier. Men det var greitt at dei tok med seg nissen. Han er blitt ein del av familien, så då var litt av meg med likevel.

Bar oppblåsbar nisse opp på Hornelen - den høgaste sjøklippa i Europa

FEKK GOD BEHANDLING: Hornelen vart i går 866 meter høg medan nissen var på besøk. Her er det Jan Fredrik Fosse og Jannike Brenden Frøyen som poserer saman med det oppblåsbare vidunderet.

Foto: Svenn Petter Kjerpeset

Truger og ski

Turen til Hornelen kan vere krevjande sjølv om sommaren. På sjøklippa ventar ei spektakulær utsikt, men for å komme opp må ein gå stien som er bratt og nokre stader vanskeleg.

Med kaldt og fint vintervêr i går la Fosse og tre andre i veg. 20 kilo med nisseballong og utstyr hadde dei fordelt seg imellom. Totalt brukte dei ni timar på turen.

– Det er veldig bratt, og mykje snø der no. Så det vart ein lang tur på både truger og ski, fortel Fosse.

Vel oppe fekk dei pumpa opp den velfødde nissen, plukka fram norske flagg frå sekken og foreviga det spesielle synet. Også nede på bakken kunne folk sjå at det var ein spesielt stor gjest på toppen.

– Det vart nokre heilt unike bilete.

Meir galskap i vente

Gulestøl ler når han fortel at han er letta over at nissen kom seg trygt ned att. No står det 1–1 i fantestrekar mellom kameratane, og Gulestøl meiner dei er skuls.

Det er ikkje Fosse heilt samd i.

– Det kjem til å bli mykje styr med Harry framover, det kan eg love deg, ler Fosse.

Oppblåsbar nisse på toppen av Hornelen i Bremanger

SYNLEG FRÅ LANG AVSTAND: Frå lang avstand kunne folk sjå at det var ein spesielt stor gjest på Hornelen laurdag ettermiddag. Som du ser på biletet har den høgaste sjøklippa fått ein ekstra topp.

Foto: Linda Nygård