Hopp til innhold

Her går eit ønske i oppfylling for systrene Margit (92) og Signe (93)

STÅRHEIM (NRK): Det begynte som ein spøk. Men nyleg kunne dei to systrene Margit og Signe Skinlo igjen setje bein på fjellet "sitt" Naustdalkamben i Eid.

Signe og Margit Skinlo

FØRSTE TUR: Dei to systrene Margit Skinlo (92) og Signe Skinlo (93) fekk sin første helikoptertur då dei skulle opne den nye dagsturhytta på Naustdalkamben.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Systrene Margit Skinlo (92) og Signe Skinlo (93) har budd store delar av livet på garden Føllesdal på Stårheim i Eid, like ved fjellet Naustdalkamben. Då den nye dagsturhytta der skulle opnast førre laurdag, blei det ein dag av dei sjeldne for dei to.

– Vi høyrde rykte om det tidleg, men trudde ikkje på det, seier Margit om helikopterturen og det ærefulle oppdraget.

– Betyr mykje

Naustdalkamben er eit fjell som betyr mykje for dei to.

– Der gjekk vi på tur frå vi var så store at vi kunne gå opp i marka. Det er ein veldig fin tur, og så var det så fint å sitje på toppen og sjå utsikta til alle kantar, vi ser fjelltoppar bortanfor og fjorden nedanfor. Det gir sånn ro, seier Signe.

Margit og Signe Skinlo

OPNA HYTTA: På ein strålande sommardag, ikledd kvar sin flotte Nordfjordbunad tok systrene luftvegen med helikopter – for aller første gong. Dei to søstrene hadde også æra av å opne den nye dagsturhytta på Naustdalkamben i Eid.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Det er nokre år sidan systera Margit var på fjellet sist.

Kva tenkte du då du kom ned att sist?

– Det var vemodig. For eg innsåg at no kunne eg ikkje å gå på Kamben lenger. Eg var for gamal, rett og slett.

Begynte som ein spøk

Men det skulle ikkje bli siste turen til Naustdalkamben. At dei to systrene fekk helikopterturen til toppen begynte som ein spøk då Kristian Orheim skulle samle inn

Kristian Haga Orheim

INITIATIVTAKAR: Kristian Haga Orheim frå bygdelaget hadde idéen om å fly systrene til topps

Foto: Oddmund Haugen / NRK

underskrifter frå grunneigarar i området i samband med opprusting av turstien. Så blei det alvor.

– Dei byrja å snakke om kor kjekt det hadde vore å kome seg opp på Kamben igjen. På impuls sa eg at viss de skriv under skal vi fly dykk opp med helikopter, og så får de opne hytta, fortel Orheim.

Eit Facebook-innlegg fekk fart på spøken. Pengar til å finansiere helikopterturen strøymde raskt inn.

– Rørande

Og på ein strålande sommardag, ikledd kvar sin flotte Nordfjordbunad opna dei to dagsturhytta førre helg. Initiativtakar Orheim synest det var rørande å oppleve.

– Dei har hatt ei oppleving for livet, trur eg, seier han.

Og dei to systrene verkar samde i det.

Dagsturhytta på Naustdalkamben i Eid.

NY DAGSTURHYTTE: Hytta ligg 493 m.o.h. i Eid.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Eg var litt skeptisk til å begynne med, for eg har jo ikkje vore oppe i noko flygande før. Det er ei fin oppleving å få kome opp att her, seier Margit.

Også Signe var nøgd etter å ha opna dagsturhytta på toppen.

– Det er ei utruleg fin oppleving å få kome opp at på Kamben, hit vi gjekk så mykje då vi var yngre, seier ho. Veldig kjekt!