NRK Meny
Normal

Har budd seks månader i kyrkje – går til sak mot staten

SANDANE (NRK): Maryam Bandari fryktar same skjebne etter at ei iransk kvinne skal ha blitt piska etter utsending frå Noreg.

Maryam Qodsi Nezhad Bandari og sonen Sam

I KYRKJEASYL: Maryam Bandari og sonen Sam på trappa framfor pinsekyrkja på Sandane.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Maryam Bandari og dei to sønene hennar har vore i kyrkjeasyl på Sandane sidan april i frykt for å bli sendt tilbake til Iran. Advokaten har levert stemning til Oslo tingrett, med krav om at UNE sitt endelege vedtak vert oppheva. Det er uvisst når saka kjem opp.

Talsperson for Bandari, John Arnljot Valør i pinserørsla på Sandane, håpar den såkalla "Leila-saka" skal gjere at Bandari får bli.

Leila Bayat har lagt fram ein video som skal syne skader etter piskeslag i Iran etter å ha blitt kasta ut av Noreg:

– Det syner regimet i Iran sin brutalitet ovanfor annleistenkande. Det å konvertere frå islam til kristendom er ei dødssynd. Maryam fryktar for sitt liv og for borna, seier Valør.

John Arnljot Valør

STEMNING: John Arnljot Valør i pinsekyrkja på Sandane håpar stemninga skal sikre at Maryam Bandari får bli i Noreg.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Vi er nøydde til å ta i mot

Valør forsvarar kyrkjeasylet:

– Det er verdt det fordi vi kan hjelpe eit menneske i naud.

Bandari levde ei periode i sommar fritt frå kyrkjeasylet:

– Une gav ein utsett frist for utreise fram til 3. august. Men etter det har kyrkjeasylet vore absolutt, seier Valør.

Dei to gutane lev tilnærma normalt, med skule, fotball og fritidsaktivitetar. Men mora kan knapt gå utom trappa til forsamlingshuset.

– Eg har rett til kyrkjeasyl

Ektemannen til Maryam Bandari har fått opphald i Canada, og er no på besøk på Sandane. Kyrkja samlar inn pengar til ting som trengst, i tillegg til 40 000 til advokat.

Maryam Qodsi Nezhad Bandari

I KYRKJEASYL: Maryam Bandari meiner ho vil verte forfølgd om ho reiser tilbake til Iran.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Eg er trygg i kyrkja, men kan ikkje gå ut. Det er som eit fengsel. Blir eg sjuk kan eg ikkje gå til doktor, berre om det er akutt naud, seier Bandari.

Bandari meiner ho som konvertitt risikerer å bli forfølgd:

– Vi har ikkje noko anna val enn å prøve saka, ikkje minst for borna sin del. Å vere i kyrkjeasyl er ein rett eg har, seier ho.

UNE har ikkje endra praksis

Seksjonssjef i UNE, Lars Erik Andersen.

INGA ENDRING: Seksjonssjef i UNE Lars Erik Andersen seier det ikkje er nokon endringar per no i praksisen knytt til asylsøknadar frå Iran.

Foto: UNE

Seksjonssjef i UNE, Lars Erik Andersen, seier dei ikkje har endra praksis om Iran:

– Vi veit ikkje sikkert kva som har skjedd i saka til Leila Bayat. Det er til utgreiing. Det blir spekulasjonar kva som skjer om piskinga syner seg å vere tilfelle, seier Andersen.

Det blir opp til UNE ev. Oslo tingrett om Bandari kan vente på rettssaka utanfor kyrkjeasylet.

Stolar ikkje på UNE

UNE meiner det er trygt i Iran, men John Valør seier pinsekyrkja stolar meir på annan informasjon:

– UNE hentar sin informasjon frå Landinfo, medan vi stolar på organisasjonen Opne Dører, seier Valør.

Opne Dører er ein misjonsorganisasjon som støttar forfølgde kristne.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast