NRK Meny
Normal

Sit framleis i kyrkjeasyl i Gloppen

Ein iransk familie med avslag på asylsøknaden sit framleis i kyrkjeasyl i Gloppen, men no har mannen i familien fått opphaldsløyve i Canada.

Maryam og sonen Sam ser på asylavslaget

SIT I ASYL: Maryam og sonen Sam sit i kyrkjeasyl i Gloppen.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Dei har ikkje noko anna val, dei må berre forholde seg til at slik er det. Det seier John Arnljot Valør, som uttalar seg på vegner av pinserørsla i Gloppen.

Han fortel at det er eit tungt liv å sitje i kyrkjeasyl. Mora i familien, som heiter Maryam, kan nesten ikkje bevege seg vekk ifrå kyrkjeplassen, men må halde seg i nærleiken døgnet rundt. Dei to gutane kan gå litt unna for å spele fotball og sykle med kameratar.

Valør var ein av dei som tok initiativ til å gje iranarane asyl i kyrkja. Han følte at det var det rette, men han er ikkje sikker på om det kjem til å ende godt.

– Nei, eg er ikkje så sikker på at det kjem til å gå bra. Vi i lyt berre prøve dei moglegheitene vi har, vi kan ikkje late att auga for det som skjer, seier Valør.

Les også: Familie har gått i kyrkjeasyl i Gloppen

John Valør

HELD FRAM MED STØTTE: John Valør og pinserørsla i Gloppen held fram med å støtte den iranske familien, og er innstilt på at dei kan bli buande i kyrkjeasyl i ganske lang tid.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Har fått opphald i Canada

Den iranske familien har konvertert ifrå islam til kristendom, og det er det som er bakgrunnen for at dei ikkje har lyst tilbake til Iran. No har mannen i familien fått opphaldsløyve i Canada, der han har meldt seg inn i ei kyrkje.

– Han er innstilt på å reise dit, men resten av familien har ikkje fått opphaldsløyve der. Dei må ifølgje utlendingsnemnda reise til Iran i løpet av sommaren, men det er ikkje trygt for dei.

Familien meiner at det er farleg for konvertittar i Iran, og at dei risikerer trakassering og forfølging om dei reiser tilbake dit. Men Utlendingsnemnda (UNE) er ikkje samd i det.

Mariam Qodsi Nezhad Bandari

LANG SOMMAR: Maryam Bandari ventar ein lang sommar i ei kyrkje i Gloppen. der ho ikkje får små mange høve til å gå fritt rundt

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Etter nøye vurdering har våre folk ut frå alle detaljar komne fram til at det ikkje er farleg for ho i Iran. Dette er ein konvertitt som ein meiner det er heilt forsvarleg å sende tilbake til Iran, har Bjørn Lyster, som er kommunikasjonsdirektør i UNE, uttalt i saka.

UNE står på sitt

Etter at det vart klart at eit familiemedlem har fått opphaldsløyve, og skal reise til eit nytt land, står UNE framleis på sitt. Dei har sett august som siste frist for familien til å melde seg og reise frivillig heim.

Bjørn Lyster

SIKKER I SI SAK: Bjørn Lyster og UNE er trygg på at det ikkje er farleg for konvertittar å reise til Iran etter at det harm konvertert ifrå islam

– Det kjem ikkje til å skje, vi er innstilt på å ha dei her i kyrkja i ganske lang tid framover, seier Valør.

Han fortel også at dei har byrja å samle inn pengar for å finansiere ein advokat som skal ta saka opp på nytt.

– Vi har fått ein del positive tilbakemeldingar frå folk i lokalsamfunnet, og vi har opna ein bankkonto der folk kan gje pengar for å støtte saka til asylantane.