Hopp til innhold

Gir kyrkjeasyl: – Vi kan ikkje gjere noko anna enn å hjelpe

Ei iranskfødd kvinne og dei to barna hennar har denne veka gått i kyrkjeasyl hos trussamfunnet Sion i Gloppen.

Maryam og sonen Sam ser på asylavslaget

FEIL SPRÅK: Maryam og sonen Sam ser på avslaget dei har fått frå Utlendingsnemda (UNE). Maryam kan ikkje lese norsk. Og sjølv om sonen på 13 år har gått eit år på skule i Norge, er han ikkje stødig nok til å omsette slike dokument.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Eg er veldig glad for å vere ein del av eit så flott samfunn med gode venner. Akkurat no føler eg meg veldig trygg i kyrkja, seier Maryam Qodsi Nezhad Bandari.

Mariam Qodsi Nezhad Bandari

KONVERTITT: Maryam Qodsi Nezhad Bandari konverterte til kristendom i 2013. Då budde ho og familien i Dubai, og sidan har ho vore forsiktig med å besøke Iran for ofte, eller vere der for lenge.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Det er under eit døgn sidan Maryam og sønene flytta inn i kyrkja til Sion i Gloppen. Etter å ha vore i Førde sidan januar i 2016, fekk ho endeleg avslag på asylsøknaden.

Vedtaket hos Utlendingsnemda (UNE) kan ikkje klagast på, og Maryam fryktar for familien om dei må flytte til Iran. Det kan bli eit problem sidan ho i 2013 konverterte frå islam til kristendom.

– Eg har konvertert og er kristen. Eg er ikkje fri i Iran og der kan eg ikkje gjere noko, fortel ho.

– Kan ikkje gjere anna enn å hjelpe

John Arnljot Valør snakkar på vegner av den lokale pinserørsla som har stilt kyrkja på Sandane til rådigheit.

– Pinsekyrkjelyden i Førde spurte oss om vi kunne ta imot dei, sidan dei ikkje har eigne lokale for opphald, fortel Valør.

John Valør

VILLE HJELPE: John Arnljot Valør har saman med den lokale pinserørsla gjort klar kyrkja på Sandane, for å huse den vesle familien.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Vi kan ikkje gjere noko anna enn å hjelpe. Vi kan ikkje sitte å sjå på, når det er risiko for at liv kan gå tapt, legg han til.

Valør er klar over at det kan gå lang tid før familien kan flytte ut.

– Vi har ikkje sett nokon sluttstrek. Så lenge saka kan få ein lykkeleg slutt vil rommet her stå til disposisjon, om det så går nokre månader eller kanskje år.

– Kyrkjeasyl løyser ikkje problemet

Norsk organisasjon for asylsøkarar (NOAS) har som oppgåve å tilby asylsøkarar informasjon, rettleiing og juridisk bistand.

Ann-Magrit Austenå, generalsekretær i NOAS

STORT ANSVAR: Generalsekretær i NOAS, Ann-Magrit Austenå, seier at trussamfunn som tar inn folk i kyrkja si må ha eit bevisst forhold til ansvaret dei har. Spesielt når det er barn inne i bildet.

Foto: Siv Sandvik / NRK

Generalsekretær Ann-Magrit Austenå kan ikkje kommentere spesifikt på denne saka, men fortel at det dei siste åra har vore få saker med kyrkjeasyl, så langt NOAS kjenner til. Det løyser uansett ikkje sjølve problemet.

– Kyrkjeasyl løyser ikkje det grunnleggande problemet, som er avslag på sjølve asylsøknaden, seier Austenå.

Politiet held seg i ro

Ho seier det er viktig at dei som går i kyrkjeasyl får bistand til å gå gjennom saka kritisk, for å vurdere om det er ny informasjon, eller om det kan vere gjort feilvurderingar i saka.

NOAS er særleg opptatt av barna sin situasjon og har derfor eit klart råd til trussamfunn som gir asyl i kyrkja.

– Det er eit stort ansvar. Vårt råd er at dei kontaktar lokalt barnevern, og forsikrar seg om at barna har det best mogleg i ein slik situasjon, oppfordrar Austenå.

Politiet ønskjer førebels ikkje å gjere seg noko i saka.

UNE meiner det er forsvarleg

Vedtaket er gjort av UNE, som meiner det ikkje er farleg i Iran.

– Når vi har gjort risikovurderinga, så er det lagt til grunn at ho har konvertert. Etter nøye vurdering har våre folk ut frå alle detaljar komne fram til at det ikkje er farleg for ho i Iran. Dette er ein konvertitt som ein meiner det er heilt forsvarleg å sende tilbake til Iran, seier Bjørn Lyster, som er kommunikasjonsdirektør i UNE.

UNE grunngjev avslaget slik mellom anna med at:

«Klagarane får ikkje beskyttelse i Norge. Basert på klagarane si forklaring, meiner UNE at ei tilbakevending til Bandar Abbas i Iran ikkje inneber ein risiko for forfølgelse eller andre alvorlege overgrep».