Hopp til innhold

Håpar venstresida i partiet blir verande

GLOPPEN/NAUSTDAL (NRK): Stortingsrepresentant Tore Storehaug (KrF) håpar medlemsflukta frå partiet stoppar.

Ekstraordinært landsmøte i KrF

TUNGT: Tore Storehaug (KrF) var ein av dei som vart skuffa då landsmøtet i KrF valde å gå til høgre og søke regjeringsmakt med Høgre og Frp.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Eg har det tungt, og helga har vore endå tyngre. Det er ei blanda kjensle av å ha vore i ein bilkrasj og kjærleikssorg, seier Storehaug, som er Stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane.

Han har den siste tida reist land og strand rundt for å overtyda partifellar om å følga Knut Arild Hareide sitt ønske om å gå til venstre i politikken. Fredag vart den draumen knust på landsmøtet der det vart fleirtal for å gå inn i Solberg-regjeringa.

Håpar utmeldinga stoppar

Gjennom helga har 850 personar meldt seg ut av partiet, medan 700 har meldt seg inn. Sidan Hareide sin tale til landsstyret for ein månads tid sidan har 2600 personar meldt seg inn, men fleire av desse, som ville at partiet skulle gå til venstre, har no meldt seg ut att.

– Eg skjønner at folk er veldig skuffa, men eg håper så mange som mogeleg blir med vidare. Det er viktig å halde på breidda i partiet, seier Storehaug, som skildrar dei siste dagane som dei tyngste han har hatt gjennom sine ti år i politikken.

Han får støtte frå leiar i Naustdal KrF, Stein Oltedal.

– Det har vore ei stor overrasking for mange å oppdaga at venstresida i KrF er så sterk. Om dei vert verande i partiet så vil ein ved neste korsveg vera ei stor gruppe med KrF-arar som partiet må ta på alvor, sjølv om vi no går til høgre, seier han.

Tel på knappane

Blant dei som vurderer å melde seg ut er leiar i Gloppen KrF, Audun Mundal.

Gloppen KrF, Audun Mundal

LØFTEBROT: Audun Mundal er Gloppen KrF er usikker på om han kan bli verande i partiet, etter at eit fleirtal stemte for å gå i regjering med Høgre og Frp.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Bryt vi løftet om å ikkje gå i regjering med Frp, ja, det syns eg er så dumt at ein bør vurdere å melde seg ut. Eg syns vi står alt for langt unna Frp politisk, seier Mundal.

Ved kommunevalet i 2015 stemte nær ein av fire på KrF i Gloppen, som er ein av landets største KrF-kommunar.

Stortingsrepresentant Storehaug håpar Mundal vert med vidare.

– Det er meiningane frå sånne som Audun (Mundal) som motiverer og engasjerer meg når eg får stå på Stortinget og representere dei. Viss dei melder seg ut vert det litt einsamt, seier Storehaug.