Hopp til innhold

Håpar å få oversikt over økonomien i november

Det er framleis mykje som står att før Florø kan invitere til førstedivisjonspel på stadion i Florø. Trenar Terje Rognsø fortel at målet er å få på plass det økonomiske i løpet av november.

Terje Rognsø

OPTIMIST: Terje Rognsø har god tru på at Florø skal kome i mål med det økonomiske puslespelet framfor 2017-sesongen.

Foto: Truls Kleiven

Vi er opptatt av å ikkje bli ein klubb som drøymer om noko. Vi skal ha økonomien på plass før vi kan love spelarane noko som helst, seier trenar Terje Rognsø.

I oktober vart opprykket sikra og det vart klart at Florø skulle spele 2017 sesongen i førstedivisjon. Før laget kan ønske førstedivisjonspel velkomen er det framleis er ein del som står att, fortel Rognsø.

– No jobbar vi med å få på plass den økonomien vi treng. Alle må vere profesjonelle for å få lisens. Det står framleis att mykje før vi er i mål, men det er foreløpig vanskeleg å seie kor mykje. Vi håpar å få eit betre bilete av situasjonen i løpet av november.

Avgjerande månad

Vill jubel på Florø stadion etter at opprykket er i boks.

OPPRYKK: Slik såg det ut då opprykket til Førstedivisjon vart sikra.

Foto: Oddleif Løset

Mellom anna er det framleis usikkert kor mykje klubben får i tilskot frå Norsk Toppfotball. Kor mykje klubben kan vente seg derifrå blir klart i løpet av november. Rognsø fortel at kor mange spelarar som blir henta inn difor er usikkert.

– Ein del ting blir sett litt på vent medan vi finn ut av økonomien, men vi håpar å få på plass dei fleste spelarane snart. Så vil det alltid vere litt diskusjon rundt kor mange vi skal få inn og om vi har råd til å få inn nye spelarar i det heile. Den månaden vi er inne i no blir heilt avgjerande.

Optimist

I 2016 leia Rognsø laget til førstedivisjon utan å få ei krone i løn. I førstedivisjon blir det stilt høgare økonomiske krav til laget. No jobbar klubben med å få på plass sponsorar frå næringslivet. Rognsø fortel at han har god tru på at ting vil ordne seg.

– Vi meiner sjølve at vi har eit godt produkt, med lokal forankring. No er vi avhengige av hjelp frå næringslivet. Vi kjem ikkje til å vere den rikaste klubben, men det har vi heller ikkje nokon ambisjonar om. Foreløpig er vi optimistar, men om vi framleis er det om ein månad står att å sjå.