Florø fotball - akademi 1994/95-årgang

UNGE OG SVÆRT LOVANDE: Desse 20 gutane fødde i 1994 og 1995 på fotballakademiet i 2008. Her med pokal for tredjeplass i DanaCup det året. Framme frå venstre: Patrick Magnussen, Anders Sørensen, Kristoffer Ryland, Joachim Husevåg, Runar Helland Åmot, Knut Marius Kvammen, Bjørnar Ommedal, Aksel Bauge, Kristoffer Book. Bak frå venstre: Simen Halvorsen, Espen Angelshaug, Stefan Aase, Runar Hove, Peter Aase, Tore Almenning, Kristoffer Sigdestad, Sondre Biesmans, Erlend Hove, Aksel Knapstad, Kristian Rindheim

Foto: privat

Dei trena til og med på julafta

FLORØ (NRK): Fotballen var det einaste som stod i hovudet på denne gjengen. Det, kameratskap, gode trenarar og enormt mykje trening, gjer at Florø er eit 1. divisjonslag i 2017.

– Det var ein del foreldre som syntest det vart for mykje. Vi trena både på julaftan og nyttårsaftan. Men for oss vart det aldri for mykje, seier Stefan Aase.

Sju av dei som har spelt 2. divisjon for Florø i år er av fødde i 1994 og 1995 og er forma gjennom fotballakademiet som vart starta tidleg på 2000-talet. Tre andre frå desse årgangane har spelt andrelagsfotball i år.

I 2006 fekk Florø innandørs fotballbane i Florø Idrettssenter. Og ikkje minst: Dei 11 og 12 år gamle fotballspelarane fekk entusiastiske, ambisiøse og målmedvitne trenarar. To av dei har fylgt kameratgjengen sidan. Terje Rognsø og Geir Rindheim har i år leia laget frå den vestlegaste byen i landet til opprykk til 1. divisjon.

Stefan Aase

FRAMLEIS MED: Stefan Aase, 13 år i 2008.

Stefan Aase

VIKTIG SPELAR: Stefan Aase er sentral i det meste Florø gjer på fotballbana.

Foto: TRULS KLEIVEN

Tvillingparet Peter og Stefan Aase er tilbake på Florø barneskule, der dei vann over lærarane i 2008.

TILBAKE PÅ BARNESKULEN: Tvillingane Peter (t.v.) og Stefan Aase arbeider i dag deltid på SFO på Florø barneskule. I midten rektor Øyvind Knapstad. Foto/redigering: Truls Kleiven.

Historisk tap for lærarlaget

Ein skulle kanskje tru at med så mykje fotballtrening ville gutane slappe av i friminutta på skulen. Men rektor Øyvind Knapstad på Florø barneskule kan skrive under på at det langt frå var tilfelle.

– Denne gjengen var ute på grusbana så snart det ringde ut. Kvart sekund av friminutta vart utnytta.

– Vi fekk av og til kjeft fordi vi kom for seint inn att til time, hugsar Peter Aase, tvillingbroren til Stefan.

Peter Aase

FRAMLEIS MED: Peter Aase, 13 år i 2008.

Foto: Privat
Tord Hovden (t.v.) og Peter Aase (t.h.) på Florø

TIDLEG TALENT: Peter Aase (t.h.) har hatt opphald i Sogndal og Åsane, men er tilbake i Florø og var med på å sikre opprykk. Florø-spelaren til venstre er Tord Hovden.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Knapstad og dei andre lærarane fekk merke kor gode gutane var blitt då det var klart for den tradisjonelle kampen mellom lærarar og elevar ved avslutninga av skuleåret det året 1995-årgangen gjekk ut av sjuandeklasse.

– Før det hadde lærarane aldri hatt problem med å vinne. Men her fekk vi knapt låne ballen. Eg trur vi tapte 9–4. I rein frustrasjon takla eg Stefan Aase så hardt at eg var glad det ikkje var foreldre til stades.

Akkurat den taklinga hugsar ikkje Stefan Aase, til det har det blitt for mange taklingar sidan. Men både han og Peter hugsar godt at dei slo lærarane. Med på det laget var og tvillingparet Runar og Erlend Hove og Anders Sørensen, alle i A-lagsstallen til Florø i dag.

No er både Peter og Stefan knytt til skulen gjennom deltidsstillingar på SFO.

– Viktig for byen

Rektoren er stolt over prestasjonane til fotballaget i byen.

– Det var heldig for Florø at byen vart velsigna med to tvillingpar fødde i 1995, og at alle fire vart gode fotballspelarar. I den situasjonen Florø er i med nedlegging av arbeidsplassar og dårlege tider i oljebransjen er det veldig viktig å ha noko som set byen på kartet med positivt forteikn.

Tilbake til dei to trenarane, Terje Rognsø og Geir Rindheim. Det er Rognsø som har vore mest i vinden i media. Men det er faktisk Rindheim som har fylgt 1995-årgangen lengst.

– Eg vart rekruttert som foreldretrenar då sonen min var seks år i 2001. Eg hadde sjølv spelt fotball, og eg håpa at sonen min ville gjere det same. Då var det naturleg å bidra med å legge til rette for han slik det i si tid vart gjort for meg.

Sonen hans har gitt seg med fotball, men Geir er framleis med, trass i at han har ein travel jobb som fabrikksjef på Slakteriet AS, som driv med lakseslakting i Florø.

Geir Rindheim og Terje Rognsø

EIT GODT TOSPANN: Geir Rindheim (t.v.) og Terje Rognsø har delt på ansvaret med å trene gutane frå 1994- og 95-årgangane i ti år.

Foto: TRULS KLEIVEN

– Hadde gjerne gjort det om att

– Det har vore travelt, ja, men det har vore så mykje moro og gitt så mykje at det har vore verd det. Før vi fekk storhallen kunne det røyne på, særleg vinterstid med sidelengs, kaldt regn. Men det har vore eit privilegium å få jobbe med Terje og gutane. Eg hadde gjerne gjort det om att.

I ti år har han og Terje Rognsø jobba saman. Dei hadde spelt fotball saman, er gode kameratar og tenker nokså likt om fotball. Rognsø meiner Rindheim har minst like mykje av æra som han for at det har gått så bra.

– Det har vore mykje fokus på meg, særleg i det siste. Men Geir har vore med heile vegen, og det han har gjort er uvurderleg. Han har ein ekstremt viktig rolle i det som har skjedd.

Det dei to gjorde i 2006 var litt unorsk. For det første dobla dei treningsmengda, og dei stilte strenge krav til dei unge fotballspelarane. Dei måtte ofre noko for å vere med.

Florø fotball - 1994/95-årgangen i 2008

SLIK SÅG DEI UT I 2010: Framme frå v: Emanuel Jerez, Espen Angelshaug, Runar Helland Åmot, Aksel Knapstad, Erlend Hove, Halvor Solheim-Olsen, Anders Sørensen, Kristoffer Book, Kristoffer Sigdestad, Kristoffer Orheim Midt frå v: Erik Selaas, Martin Orheim, Kristoffer Ryland, Peter Aase, Joachim Husevåg, Patrick Magnussen, Knut Kvammen, Kristian Rindheim, Aksel Bauge, Emil Aadland, Henrik Solheim Økland. Bak frå v: Bengt Solheim-Olsen, Sondre Biesmans, Tore Almenning, Stefan Aase, Petter Gulestø, Runar Hove, Bjørnar Ommedal, Joachim Tunheim, Simen Halvorsen, Geir Rindheim. Dei som har spelt 2. divisjonsfotball for Florø i år er ringa inn med raudt.

Foto: R. Aardals Foto

– Har ofra mykje sosialt

Kristoffer Ryland er ein av 1995-årgangen som har spelt for Florø i år, han var på lån frå Sogndal i vårsesongen. Han meiner dei tøffe krava var med på å gi dei gode haldningar. I tillegg fekk dei så mange fine opplevingar at det har vore verd alt slitet og alle timane på trening.

– Vi var alle veldig glade for å få ekstra trening. Men 95-årgangen har ofra mykje sosialt for å lukkast. Vi kunne ikkje vere med på alt, det var trenarane klare på. Vi måtte ta eit val. Men vi på laget var såpass gode kameratar at det var ikkje så mange utanfrå vi trengde å hive oss på.

Rognsø og Rindheim stilte strenge krav til disiplin i gruppa, og krava vart strengare etter kvart. Ryland meiner ettertida har vist at det har gitt resultat.

Kristoffer Ryland

FRAMLEIS MED: Kristoffer Ryland, 13 år i 2008.

Foto: Privat
Kristoffer Ryland

2016-UTGÅVA: Kristoffer Ryland er mellom dei som har spelt 2. divisjon i år, lånt ut frå Sogndal.

Foto: TRULS KLEIVEN

– Vi fekk bevist at det fungerte. Det var iallfall ikkje feil. Eg har alltid tenkt å gjere det eg kan for å bli best mogleg, så får det ta meg dit eg er god nok. Og det var så mange med same treningsvilje og mål om å bli betre. Alle ville bli best mogleg.

Sette seg stadig nye mål

Gutane vart fort suverene på sitt aldersnivå i Sogn og Fjordane. Det var ikkje godt nok for trenarane. Laget måtte sette seg nye mål. Dei melde laget på eliteturneringar både i Norge, Sverige, Danmark og USA. Dei vann fleire av desse turneringane, dei spelte seg til både kvartfinale og semifinale i NM for aldersfastlagde lag.

Geir Rindheim seier at om det er nokon løyndom i suksessen, så er den litt kjedeleg.

– I starten tok vi kvantesprang, men når folk spør korleis vi fekk det til, så er svaret rett og slett at vi trente meir. Og når nokon seier at du er god, så er alltid spørsmålet: I forhold til kven? Det er veldig mange gode fotballspelarar i verda, og Terje er ikkje kjend for å legge lista lågt.

Regelendring skapte jubel

Så er vi framme ved hausten 2009. Florø sitt A-lag var i ein sørgjeleg forfatning, dei unngjekk med naud og neppe å rykkje ned i 4. divisjon. Då fekk Terje Rognsø spørsmål om å ta over som trenar for seniorlaget.

– Eg var ikkje så happy for det med det same. Sjølv om vi hadde spelarar frå 1994- og 95-årgangen så visste vi at A-laget var i oppløysing. Men vi tok over, og det var litt snodig den vinteren med A-lagstreningar der det kanskje var berre eit par spelarar over 16 år.

Anders Sørensen

FRAMLEIS MED: Anders Sørensen, 13 år i 2008.

Foto: Florø fotball

Ei regelendring i 2010 gjorde at førsteårs gutespelarar skulle få lov til å spele seniorfotball.

– Då vart det jubel, for det hadde faktisk vore uvisst om vi kunne stille lag.

Nettsida til Fjøra gjekk i svart

Før den sesongen tippa alle Florø på sisteplass i 3. divisjon.

– Det einaste spenningsmomentet var om vi ville ta poeng i det heile, hugsar Geir Rindheim.

Ei serieomlegging det året gjorde at laget måtte halde seg blant dei seks best for å ikkje rykke ned. Terje Rognsø hugsar spesielt ein kamp mot Fjøra i Sogndal, ei veke før fleire av spelarane skulle konfirmerast.

– Vi stilte med ei midtbane med fem spelarar som alle var under 16 år. Eg hugsar godt at Kristoffer Ryland kom innpå, han vog vel knapt 40 kilo den gongen. Men vi vann 3-2, og dagen etter gjekk nettsida til Fjøra i svart.

Og sjetteplassen sikra dei seg heime mot Sogndal 2. Dei unngjekk det nedrykket alle hadde spådd. Og sidan har pilene peika oppover.

Halvor Solheim-Olsen

FRAMLEIS MED: Halvor Solheim-Olsen, 14 år i 2008.

Foto: Privat
Halvor Solheim-Olsen

HAR BLITT GOD MED ALDEREN: Halvor Solheim-Olsen var ikkje mellom dei beste som gutespelar, men no er han fast på laget.

Foto: TRULS KLEIVEN

Ikkje berre barnestjerner

I startellevaren på laget som slo Nest-Sotra 2–0 og sikra opprykk til 1. divisjon var det fire spelarar frå 1994- og 95-årgangen: Runar Hove, Halvor Solheim-Olsen, Peter Aase og Stefan Aase.

Dei to Aase-brørne var tidleg gode og har begge landskampar for aldersfastlagde lag, det same hadde Runar Hove. Halvor Solheim-Olsen har hatt ei anna utvikling.

– Han var slett ikkje det vi kallar ei barnestjerne, seier trenar Terje Rognsø. Han var bra, men han kom ikkje med på krinslag. Men etter kvart tok det til å sitte som berre juling. I skuggen av andre har han jobba seg opp til å bli ein midtbanespelar som held eit klart høgare nivå enn 2. divisjon.

– Nei, barnestjerne har eg aldri vore, seier Halvor Solheim-Olsen sjølv. Men Terje og Geir pusha meg heile vegen, dei sa at det ikkje er når ein er 13–14 år ein skal vere best. Det er når du har passert 20 år du skal vise kven du er. Og eg har aldri mista trua.

– Relasjonar og tryggleik

Han seier det har hatt veldig mykje å seie for suksessen at dei har hatt same trenarane gjennom ti år.

– Det skaper relasjonar og tryggleik, vi trur på ferdigheitene til kvarandre. Vi trur på dei, og dei trur på oss. Det skaper resultat. Og kampen mot Nest-Sotra er utan tvil den beste dagen i livet mitt.

Rognsø og Rindheim kan fortelje om spelarar som dei har hatt ansvaret for som har hatt motsett utvikling. Gutar som har hatt nesten alle føresetnadene som skal til for å bli fotballspelarar på svært høgt nivå, men som har mangla det viktigaste: Vilje til å ofre alt anna for å bli god.

– Det er ikkje alle som ynskjer det, og det må vi ha respekt for, seier Geir Rindheim.

Gjekk lei, men kom att

I alt er det sju spelarar frå 1994- og 95-årgangane som i år har spelt 2. divisjon for Florø. Kristoffer Ryland er no Sogndal-spelar, medan Anders Sørensen og Erlend Hove har gått skadde ei tid.

Erlend og tvillingbroren Runar tok begge ein pause frå Florø-fotballen etter 2012-sesongen.

– Eg var lei av at det tok så mykje tid. Eg hadde andre hobbyar, eg likar å jakte og stå på ski, fortel Erlend.

Men etter fire månader sakna han samhaldet og gjekk tilbake til fotballen. Det same gjorde Runar. Og Erlend er eit døme på at det gjeld å vere tolmodig.

– Eg var ikkje blant dei beste då eg var yngre, men eg heldt likevel ut. I 3. divisjon i 2012 fekk eg lite speletid, men vinteren etterpå tok eg steg.

Erlend Hove

FRAMLEIS MED: Erlend Hove, 13 år i 2008.

Foto: Privat
Erlend Hove

LA OPP, MEN KOM ATT: Erlend Hove sakna samhaldet, og har vore ein viktig brikke i laget dei siste sesongane.

Foto: TRULS KLEIVEN

Medaljen har ei bakside

Sidan har han spelt fast på laget i 2. divisjon, heilt til han vart skadd i seriekampen mot Sola i haust. Erlend Hove angrar ikkje på alt han har forsaka for å bli god i fotball, men han ser at det finst ei bakside av medaljen.

– Det som no er krona med opprykk er ei solskinshistorie, men det er fleire som har falle av. Det har vore eit tøft opplegg over lang tid, og mange foreldre har vore sinte. Ikkje alle kan vere med på det beste laget, og då blir det fortvila foreldre og barn.

Han veit at han har gått glipp av mykje gøy i ungdomstida, festing har det vore lite av.

– Men på den andre sida har eg fått oppleve morosame ting som andre ikkje får oppleve. Eg veit eg ville ha gjort det same om igjen. Eg er ikkje i tvil.

Runar Hove

FRAMLEIS MED: Runar Hove, 13 år i 2008.

Runar Hove (i midten), Kristian Fardal Opseth (t.h.)

SOLID MIDTSTOPPAR: Runar Hove (i midten), her frå ein kamp mot Førde i 2012. Til venstre Kristian Fardal Opseth.

Foto: Truls Kleiven

– Veldig samansveisa

Når Kristoffer Ryland blir spurt om kva som er hans beste minne frå desse ti åra svarar han slik:

– Samhaldet i laget. For vi var eit heilt lag med kompisar. Vi var veldig samansveisa gjeng. Det toppa seg for min del då vi møtte Hødd borte i cupen i 2014 og vann 5–1. Det var veldig kjekt.

Den samansveisa gjengen er dei siste åra blitt supplert med nokre viktige spelarar utanfrå. Men trenarane Terje Rognsø og Geir Rindheim held på at det skal vere ein lokal profil. Ein svensk målvakt var dei einaste av spelarane som starta kampen mot Nest-Sotra som ikkje er frå Sogn og Fjordane.

– Vi ynskjer at det skal vere mest mogeleg lokale spelarar. Vi er avhengige av nokre utanfrå, men helst frå nærområdet, seier Terje Rognsø.

Ikkje overdriven respekt for motstandarane

Korleis det skal bli no, med tanke på å ruste laget for eit høgare nivå, har dei ikkje fått tid til å tenke så mykje på enno. Dei går laus på det, slik dei har gjort tidlegare, med respekt for oppgåvene, men ikkje overdriven respekt for motstandarane.

I mai 2012 kom Sogndal til Florø for å spele cupkamp, stinne av sjølvtillit etter seks kampar i eliteserien utan tap og med plass på toppen av tabellen. Dei møtte eit Florø-lag som stort sett var samansett av tenåringar, men med null respekt for tabelleiaren. Florø vann 3–0.

5–1 i cupkamp over Hødd på Høddvoll er eit anna døme på mentaliteten. Når unggutane møtte lag som på papiret var betre, satsa dei offensivt. Det var aldri snakk om å parkere bussen på eigen sekstenmeter.

Kim Ødegård Vik, Stefan Aase og Halvor Solheim-Olsen

MYKJE JUBEL: Inntil siste kampen 22. oktober hadde ikkje Florø tapt eit einaste poeng sidan det vart 1–1 borte mot Nest-Sotra 25. juni. Her jublar Kim Ødegård Vik, Stefan Aase og Halvor Solheim-Olsen for endå eitt mål.

Foto: TRULS KLEIVEN

– Eg er svolten

Nokre morosame episodar har det og blitt. Geir Rindheim hugsar godt då dei var komne til finalen ti Storsjø-turneringa. Han var sjølv litt nervøs før finalen. I garderoben få minutt før kampstart gjekk han gjennom taktikken og eldna opp spelarane framfor dysten.

– Til slutt sa eg: Er det nokon som har spørsmål? Då retta Stefan Aase opp handa og sa: «Eg er svolten». Eg sa at det burde han ha tenkt på før. Heldigvis var mora hans med, og ho fekk kjøpt eit par hamburgarar til han.

– Og Stefan var best på bana i finalen, sjølv om arrangørane gav bestemannsprisen til tvillingbroren Peter, supplerer Terje Rognsø.

Florø vinnar av Dana Cup

POKAL I DANACUP: I 2008 vart Florø nummer tre i 13-årsklassen i DanaCup. Framme frå venstre: Patrick Magnussen, Sondre Biesmans, Kristoffer Ryland, Runar Helland Åmot, Tore Almenning, Kristoffer Book, Bjørnar Ommedal Bak frå venstre: Runar Hove, Simen Halvorsen, Joachim Husevåg, Anders Sørensen, Erlend Hove, Peter Aase, Knut Marius Kvammen, Aksel Bauge, Kristian Rindheim, Stefan Aase. Bakerst: Terje Rognsø, Bengt Solheim-Olsen, Steinar Hopen, Geir Rindheim.

Foto: privat