Hopp til innhold

Trente Florø til opprykk utan løn

Fotballtrenar Terje Rognsø har trena Florø til opprykk til førstedivisjon utan å få ei krone i løn.

Terje Rognsø

– HAR GITT MEG MYKJE: Florø-trenar Terje Rognsø sitt hjerte bankar hardt for Florø, og for han er det viktigare at klubben prioriterer andre ting enn løn til han sjølv.

Foto: TRULS KLEIVEN

Fotballtrenaren har til dagleg full jobb hjå Florø idrettsenter, og har opp gjennom åra lagt ned ein enorm innsats for klubben, men har aldri kravd godtgjering. Å jobbe så mykje utan løn, er uvanleg, vedgår Rognsø.

– Det er ikkje vanleg. Men når eg har vore med å sette igang eit prosjekt og fått med mange andre som òg jobbar på dugnad, så har ikkje det vore så viktig. Då har det vore meir viktig å ha utvikling, seier trenaren.

Han seier at han har ei årsløn han klarer seg med. Men no blir det store endringar i klubben, og då blir det slutt på dette. No skal han tilsettast som trenar.

– Eg har ikkje hatt noko kontrakt med klubben. Det har vore eit spesielt system og så langt har vi lukkast ganske godt med det, seier Rognsø.

– Aldri bede om pengar

Andre ting har heile tida fått prioritet framfor godtgjersle, men trenaren seier at arbeidet likevel har gitt han mykje.

Styreleiar i klubben, Arild Melvær, vedgår at klubben aldri har hatt økonomi til å løne Rognsø.

– Han byrja som trenar i aldersbestemt medan mange av dei som er på laget no var lillegutar. Vi har ikkje pengar til å løne trenarar, verken på det nivået eller noko særleg meir heller, seier styreleiaren.

Han seier at Rognsø aldri har stått hardt på for å få noko pengar.

– Det er imponerande at han likevel har lagt ned så mange timar for klubben, utan fem øre i godtgjersle. At ein trenar på dette nivået jobbar gratis har eg aldri høyrt om før.

Har ikkje noko val

Rognsø seier sjølv at han ikkje er sikker på om det blir plass i budsjettet til å løne han til neste år heller, men no har ikkje klubben noko val. Fotballforbundet krev at for å få lisens til å spele i 1. divisjon, må klubben ha kontrakt med trenaren.

Men det er ikkje spesifisert kor mykje ein trenar skal ha i løn.

– Vi er innstilt på at han må få godtgjort ein del neste år, seier Melvær.

Men dei heilt store krava til utbetalingar blir det ikkje frå trenaren, skal vi tru trenaren sjølv.

– For å vere heilt ærleg, det er faktisk andre ting som er mykje meir viktig enn at eg skal få løn. Å få på plass ein administrasjon er ekstremt viktig, og å få på plass spelarar. Og kanskje heller enn at eg skal få løn så bør vi sjå på om vi kan få med fleire trenarar, det er kanskje vel så viktig, seier Rognsø i kjend stil.