Trenaren tok til tårene etter opprykket

FLORØ (NRK): Ein nervepirrande kamp fekk best tenkjelege utfall for Florø. – No er eg berre rørt. Tårene kom på 2-0-målet, seier trenar Terje Rognsø.

Gå til forsiden

Sjå opprykksfesten i bilete

Terje Rognsø

Sjå opprykksfesten i bilete

30 bilder

    Eit einaste stort ja rungar over stadion. Folk spring over bana og elleville jubelscener tek ingen ende på Florø stadion laurdag ettermiddag.

    Blant dei mange som entrar bana, er Terje Rognsø, trenaren som sidan 2010 har hatt ansvaret for det unge A-laget til Florø Fotball.

    – Vi har hatt eit langsiktig mål om å klare dette, vi har jobba så hardt mot det, men mange som ikkje har hatt trua på det. Eg kjenner ei slik ekstrem glede, seier ein tydeleg rørt Rognsø.

    – Utruleg viktig

    Christer Husa tok Florø opp i leiinga.

    MÅLSCORAR: Christer Husa sette inn kampens første mål 23 minutt ut i andre omgang.

    Foto: TRULS KLEIVEN

    Spelarane blir hylla av nær 2.700 publikumarar. Det blir også eit støtteapparat. 90 minuttar med fotball er over. Christer Husa og Endre Kupen vart målscorarane som sendte Florø Fotball til 1. divisjon. Nest øvste nivå i norsk fotball.

    Det betyr også at Nest-Sotra må gå på ein ny sesong i 2. divisjon. Med serieomlegginga som kjem, med berre to avdelingar, blir det eit trongare nålauge å rykkje opp att i divisjonen dei kom ned frå i fjor.

    Florø trenar etter kamp

    SJP VIDEO: Trenar Terje Rognsø var rørt etter at opprykket var i boks. (FOTO: OLE ANDRE REKKEDAL)

    – Dette er så utruleg viktig. Mange av spelarane våre høyrer ikkje heime lenger i denne divisjonen. Dei har halde nivået over tid, og ville nok reist til neste sesong utan opprykket, seier Rognsø.

    Vil bli betre

    – Men opprykket er også triggande for min eigen del. Det å få ein betre økonomi i klubben, og betre moglegheiter for å gjere jobben endå betre, legg han til.

    At laget, og supporterane, kjem til å feire opprykket ut i dei seine nattetimar - eller tidlege morgontimar for den del - er ingen løyndom.

    Vill jubel på Florø stadion etter at opprykket er i boks.

    NY DIVISJON: Jubelen stod i taket då det var klart at Florø vann kampen og dermed også sikra seg spel i 1. divisjon neste år.

    Foto: Oddleif Løset

    Med opprykket sikra på heimebane, står berre Lørenskog att neste helg på bortebane. Først då er ein lang sesong over Florø.

    – Vi har vore to gode lag i divisjonen, og vi har hatt det hengande over oss at vi ikkje kan feile. Først no, når vi har 66 poeng, er vi klare for opprykk, seier Rognsø.

    Vil etablere seg

    Florø-trenaren har trena laget frå dei var lillegutt. Med avgrensa midlar og stort sett lokale spelarar har dei imponert. Å sjå gutane ta steget opp til 1. divisjon gjer han rørt. Rognsø meiner sesongen i år har vore ei god, og viktig, læring med tanke på at dei neste år spelar på nest øvste nivå.

    – Det er god læring å ha spelt nesten ein heil sesong med berre kampar som betyr noko, seier han.

    – Vi går ikkje opp for å gå ned att. Vi ynskjer å etablere Florø på eit høgare nivå. Vi er heilt klart ein nummer to klubb i fylket på ressursar og anlegg og alt i høve Sogndal, men dette er kjekt for fylket. Og det gagnar fotballen i Sogn og Fjordane, seier Rognsø.

    – Men det er vel også meir enn berre fotball?

    – Det er det ikkje tvil om. Som med Lillehammer i 1994, så gav det Norge ein boost. Eg trur dette gir Florø ein boost. Så har vi nedturar i næringslivet av og til, og då er det kjekt om fotballen kan slå tilbake.

    Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
    Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
    Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.