Hopp til innhold

Grotle: Enten er du med oss ellers er du ute

FØRDE (NRK): Dei som meiner Sunnfjord-alternativet eller kommunesamanslåing er uaktuelt, bør melde seg ut av prosessen, seier Førde-ordføraren: – Vi bør reinskjære, elles kan det skape problem.

Olve Grotle

REALISTISK: Olve Grotle meiner for mange alternativ og kommunar som eigentleg ikkje vil vere med, kan øydelegge for det realistisk alternativet i indre Sunnfjord.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Eg tek til orde for at vi berre skal konsentrere oss om realistiske alternativ, seier Førde-ordførar Olve Grotle (H).

Denne beskjeden kom frå storebror i Sunnfjord, då dei ti kommunane i SiS-samarbeidet hadde møte i dag.

Den store innbyggjarundersøkinga som kom førre veke, viste tydeleg at stemninga for eit stor-Sunnfjord av alle ti er liten blant folket, spesielt i Flora, Gloppen og Hyllestad. Og då signaliserte desse kommunane at dei er ute av Sunnfjordprosessen.

Men i dag, etter møteaktivitet på heimebane, er plutseleg alle med. Då sa Førde-ordføraren klart frå: Tida er komen for å skrelle vekk.

– Kan skape problem

Alle på møtet vedgjekk at Grotle sin kongstanken om eit Stor-Sunnfjord av 10 kommunar ikkje kjem til å bli røyndom. Blant dei meir realistiske alternativa er ei samanslåing i indre Sunnfjord, der innbyggjarane i både Jølster, Førde, Gloppen og Naustdal er meir positive til samanslåing. Grotle vil reindyrke dette, og leggje vekk andre alternativ.

– Viss ein framleis har med alle alternativ, også dei innbyggjarane ikkje vil ha, vil det kunne skape problem for det som faktisk er truverdig og sannsynleg. Difor meiner eg vi no bør reinskjære, slik at vi står tilbake med alternativa som er realistiske, seier Grotle.

Sunnfjord kommunesamanslåing

– Folket må ha alternativ

Likevel: Ytterkantane i Sunnfjord, Gloppen, Flora og HAFS (Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund), har no fått frist til desember med å bestemme seg.

Gloppen sa i dag at dei vil vere med vidare heilt til dei blir kasta ut. Då sa Grotle at dei bør trekke seg ut. Ingen vil kaste, og ingen vil trekke, og der står saka.

Varaordførar i Gloppen, Magni Aa Berge (Sp), seier dei har vore tydelege heile vegen på at dei ønsker eit alternativ sørover.

– Alternativet nordover er meir populært blant folket no, men vi ønsker likevel eit alternativ med naboar som Jølster, Førde og Naustdal og Gloppen, der det er stor stemning for samanslåing. Det kan vere gode grunnar til det, seier Berge.

– Er det berre for å ha eit alternativ å stemme nei til i ei folkerøysting?

– Folkerøystinga må vise kva folket vi. Vi fekk ikkje vere med i alternativet indre-Sunnfjord i innbyggjarundersøkinga. Vi veit ikkje kva folk meiner om det, seier Berge.

– Vi vil vere med

Morten Askvik

ORDFØRAR: Morten Askvik.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Hyllestad forstår ikkje kor oppfatninga om at dei er negative til samanslåingsprosessen kjem frå.

– Vi har vore heilt tydelege: Vi vil vere med vidare. Vi har to likeverdige alternativ: Både HAFS og Sunnfjord, seier ordførar Morten Askvik (Sp).

Han forstår Førde og Olve Grotle sitt ønske om realistiske alternativ, men meiner Hyllestad inn i Sunnfjord er realistisk.

– Innbyggjarundersøkinga viste liten entusiasme både for kommunereform og samanslåing med Sunnfjord?

– Det er riktig, men samstundes peikte undersøkinga på at folket har for lite informasjon. HAFS-alternativet er kjent, åleinegang er kjent, men Sunnfjord er ukjent. Det hadde vore rart om Sunnfjord kom høgt opp i dag, seier Askvik.

Konklusjonen på møtet i dag vart to hovudspor vidare: Vesle Sis (indre-Sunnfjord med Jølster, Førde, Naustdal og Førde) og HAFS. I tillegg opnar dei for eit alternativ med ein kombinasjon av vesle-SIS og eventuelle kommunar frå HAFS.

Planen vidare er slik: HAFS, Gloppen og Flora må bestemme seg i desember. I januar kjem vedtak om kva alternativ som skal vere med i folkerøystinga. Folkerøystingane må haldast innan 31. mars, og målet er vedtak om samanslåingar innan 1. juli.