Hopp til innhold

Tommelen ned frå folket til storkommune

Innbyggjarane i Sunnfjord, ytre Sogn og Gloppen har veldig lite lyst på å bli del av ein storkommune, viser ei innbyggjarundersøking som Opinoin As har gjort.

Kommunereformundersøking

PRESENTASJON: Resultata frå undersøkinga vart lagde fram i Førde i dag.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det er gjort telefonintervju med 3768 personar i Førde, Flora, Gloppen, Jølster, Askvoll, Gaular, Fjaler, Naustdal, Hyllestad og Solund.

I alle kommunane er det berre eit lite mindretal som vil ha ein storkommune samansett av ti av dagens kommunar (Askvoll, Flora, Førde, Gloppen, Fjaler, Gaular, Hyllestad, Jølster, Naustdal og Solund).

Folk i Askvoll er mest positive til storkommunen, men sjølv der er det berre 17 prosent som har sagt at det er det beste alternativet. Minst populært er det i Naustdal med berre 2 prosent.

Her er oppslutnaden til storkommuneløysinga fordelt kommunevis: Førde 7 prosent, Flora 3 prosent, Gloppen 5 prosent, Jølster 6 prosent, Askvoll 17 prosent, Gaular 4 prosent, Fjaler 10 prosent, Naustdal 2 prosent, Hyllestad 11 prosent, Solund 5 prosent.

Henrik Høidahl

RAUDT PÅ KVITT: Henrik Høidahl frå Opinion AS orienterer om resultata.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Fleirtal for fire kommunar

I Førde og dei næraste grannekommunane er det alternativet med samanslåing av Naustdal, Førde, Gaular og Jølster som får klart størst oppslutnad.

Kommunevis er oppslutnaden slik: Førde 55 prosent, Jølster 46 prosent, Gaular 49 prosent, Naustdal 55 prosent.

sunnfjord

Best å vere åleine

I Flora meiner 32 prosent at kommunen bør halde fram åleine, 21 prosent vil ha samanslåing med Bremanger, og 20 prosent med Bremanger og Vågsøy.

I Gloppen meiner nesten halvparten, 48 prosent, at kommunen bør halde fram åleine, medan samanslåing med Eid får 35 prosents oppslutnad.

Også i Askvoll er det flest som ikkje vil ha samanslåing, 35 prosent, medan 28 prosent vil vere i lag med Fjaler, Hyllestad og Solund - det såkalla HAFS-alternativet.

Stort HAFS-fleirtal i Fjaler

I Fjaler er det klart fleirtal for HAFS - 71 prosent, medan 16 prosent vil halde fram som eigen kommune. HAFS er mest populært også i Hyllestad med 35 prosent, medan folk i Solund heilt klart ser seg best tent med å stå åleine - 64 prosent har valt det alternativet.

Førde-folk mest positive

Undersøkinga viser at det berre er i Førde at eit fleirtal av dei spurde er positive til kommunereforma - 52 prosent. Også i Jølster og Naustdal er mange - 44 og 42 prosent - positive.

Mest negativ innstilling er det i Solund, der berre 17 prosent er positive, 53 prosent er negative. Også i Gloppen og Hyllestad har rundt halvparten - 49 prosent - ei negativ innstilling til reforma.

Veit ikkje-delen er størst i Askvoll, der 32 prosent seier at dei er korkje positive eller negative til kommunereforma.

Viktigast i Jølster

I undersøkinga er det også spurt om folk meiner kommunesamanslåing er eit viktig spørsmål eller ikkje. Her meiner 67 prosent av dei spurde i Jølster at det er viktig. Minst viktig er det i Førde og Gloppen, der 49 prosent har sagt at det er eit viktig spørsmål.