Hopp til innhold

Dette peikar seg ut som alternativa

Folk i indre Sunnfjord er langt meir positive til kommunesamanslåing enn tidlegare, og det har landa nokre ordførarar på kollisjonskurs med eigen befolkning.

Sunnfjord kommunesamanslåing

– Jølstringane er i denne undersøkinga tydelege på at dei er positive til kommunesamanslåing, men då med dei fire kommunane i indre Sunnfjord, seier Jølster-ordførar Oddmund Klakegg (Sp).

Han har heile vegen flagga det tydelege standpunktet at han trur Jølster står best åleine, og at lokalpolitikarane klarar å levere gode tenester med dagens grenser.

– Er du no i utakt med dine eigne innbyggjarar?

Oddmund Klakegg

JØLSTER-ORDFØRAR: Oddmund Klakegg

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

– Det trur eg ikkje. Eg trur jølstringane er opne for samanslåing, men med dei fire i indre Sunnfjord. Eg har tidlegare sagt at sjølv om eg er mot reforma, blir det vanskeleg å stå utanfor om dei andre kommunane finn saman, seier Klakegg.

Indre Sunnfjord – eit stemningsskifte

Klakegg ser det ikkje som eit problem at han er negativ, medan Jølster er kommunen med størst del av folk som er «svært positive» til samanslåing.

Indre Sunnfjord seglar opp som ein sannsynleg kommune i framtida. I både Førde, Gaular, Jølster og Naustdal er samanslåing av dei fire kommunane det som får klart størst oppslutnad, høgare enn åleinegang.

Mathias Råheim

SIS-LEIAR: Mathias Råheim.

Foto: Eirik Hildal / NRK

– Denne meiningsmålinga viser at dei fire er alternativet som peikar seg ut, seier leiar i SiS og Gaular-ordførar Mathias Råheim (H).

Råheim uttrykte før valet at han var langt meir skeptisk til kommunereform denne gongen, enn i 2003 då det sist var folkerøysting om spørsmålet.

HAFS – ein delt region

I HAFS-regionen er stemninga meir delt. I Fjaler er fleire folk positive enn negative, medan det er motsett i Hyllestad og Solund.

Gunn Åmdal Mongstad

SOLUND: Gunn Mongstad

Foto: privat

Frida Melvær

ASKVOLL: Firda Melvær

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK
– Resultata stemmer godt med det vi fekk i undersøkinga av Nordhordland-samanslåing. Ein stor del av folk i Solund vil halde fram som eigen kommune, seier ordførar Gunn Mongstad (Sp).

Askvoll er kommunen som er mest splitta. Dei er delt på midten i haldninga til samanslåing generelt, men om dei må velje eit alternativ, er flest for åleinegang. Samstundes vel nesten like mange ein ny HAFS-kommune.

– Det vart dessverre slik eg hadde venta. Vi fekk ikkje eintydige svar på kvar folk står. Kanskje den store «veit-ikkje» gruppa blir utslagsgjevande i ei folkerøysting, spekulerer Askvoll-ordførar Frida Melvær (H).

Alle fire HAFS-kommunane vel kvarandre om dei skal velje ein framtidig storkommune, og i Fjaler og Hyllestad er det også fleire som ønsker dette enn åleinegang, dersom dei må velje eit alternativ.

– Stor-Sunnfjord er ute

I dei ti kommunane som er med i undersøkinga (Askvoll, Flora, Førde, Gloppen, Fjaler, Gaular, Hyllestad, Jølster, Naustdal og Solund) er det berre eit lite mindretal som er for ei samanslåing av alle desse kommunane.

Råheim seier dommen frå meiningsmålinga er klart.

– Det gir eit signal om at både Gloppen, Florø og storkommunealternativet er meir eller mindre ute. Det er vel ute, tørr eg påstå. Eg føler vi snart må sile ut ein del. Men vi har jo blitt einige om å køyre løpet fram til neste sommar, og då er det vel fornuftig å gjere det, seier Råheim.

Også Klakegg trur storkommunealternativet er dødt.

– Eg ser at det går an å få til ein ny kommune i indre Sunnfjord, sjølv om eg er mot det. Storalternativet er i ferd med å smuldre opp, seier Jølster-ordføraren.