Hopp til innhold

Gjekk seg svimmel i strafferunden

Håvard Gutubø Bogetveit (Førde) gjekk 2,7 kilometer lengre enn han trong, då han måtte ut i strafferunden 18 gonger under dagens fellesstart i NM i skiskyting.

Håvard Gutubø Bogetveit

VIND: Håvard Gutubø Bogetveit og dei andre skiskyttarane fekk det tøft på standplass under dagens fellesstart i NM. Distansen dei skulle gå var 15 kilometer fellesstart, men alle strafferundane gjorde at Bogetveit måtte gå 2,7 kilometer ekstra. Her frå NM del 1 i Holmenkollen tidlegare i år, der han tok bronse.

Foto: Rune Tryggestad

– No er eg godt svimmel. Det var mykje vind, men ikkje så mykje at eg skal få 18 strafferundar, seier Bogetveit til NRK.

For ein strafferunde er 150 meter. Om ein gangar det opp med 18 får ein 2,7 kilometer. 18 bom betyr at han berre noterte seg på for to treff på 20 skot.

Totalt var det 503 strafferundar på 53 startende løparar. Det blir over 75 kilometer, eller 1,4 kilometer i snitt kvar løpar.

– Det var heilt ekstremt. Eg har aldri opplevd makan, seier NRKs skiskyttarekspert, Ola Lunde.

Fredag var han på laget som tok NM-gull på stafett, medan han tok individuell sølvmedalje på sprinten laurdag.

Ville tilstandar på standplass

Han vart til slutt nummer 44, nesten fem minutt bak Lars Helge Birkeland som tok gullet. Men ein sterk skyttar som Birkeland måtte i strafferunden 11 gonger.

Bogetveit fortel om kraftig vind.

– Det var veldig vanskelege forhold. Mange løparar meinte at det burde vore avlyst, for mattene på standplass flaug veggimellom. Fleire løparar fekk frådrag i tida på grunn av at det ikkje var matte der då dei kom inn på standplass, seier han.

– Har du gått eit løp der det har blitt bomma så mykje før?

– Nei, aldri. Det var ville tilstandar på standplass, seier han.

Beste lokale vart Jarle Midthjell Gjørven frå Markane med sin 12.-plass. Han måtte i strafferunden sju gonger. Johan Eirik Meland (Markane) vart nummer 19, medan Ole Martin Erdal (Førde) kom på 31.-plass.

På pallen i halvparten

No er sesongen over for Bogetveit og dei andre skiskyttarane. For hans del har det vore ein spesiell sesong.

– Eg gjekk ikkje renn før i januar grunna sjukdom, men har gjort det overraskande bra etter det, seier han.

Han har berre gått ni renn i år, men i fire av dei har han klatra opp på pallen. NM-gull på stafett i helga, sølv på sprinten i helga, samt bronse på normaldistansen under NM-del 1 i Holmenkollen tidlegare i år.

– Eg kom også på tredjeplass under eit IBU-renn i Kontiolahti, seier han.

IBU-renn er nivået under verdscup, men i rennet han kom på tredjeplass i vart han berre slått av russiske Alexander Loginov og tsjekkiske Ondrej Moravec. Moravec tok sølv i VM nokre veker seinare.

– Det gav sjølvtillit inn i treninga mot neste sesong, å vise at eg kan henge med dei beste. Men først er det ferie, seier Bogetveit.