Johannes sikra NM-gull
Sogn og Fjordane tok NM-gull på stafett i skiskyting under NM i Mo i Rana. Johannes Thingnes Bø spurtslo Emil Hegle Svendsen og Sør Trøndelag i kampen om gullet. I tillegg gjekk Jarle Midthjell Gjørven, Ole Martin Erdal og Håvard Gutubø Bogetveit for laget til Sogn og Fjordane. Thingnes Bø gjekk ut som nummer tre på den siste etappen, men med ti raske treff vart det gull.
– Resten av laget gjorde ein fantastisk jobb og gav meg eit godt utgangspunkt, så var det opp til meg å gjere jobben, seier Thingnes Bø til NRK.