Hopp til innhold

Skiskyttarane med historisk dobbeltsiger

Johannes Thingnes Bø (Markane) og Håvard Gutubø Bogetveit (Førde) sikra fylket dei edlaste medaljane under dagens sprint-NM i skiskyting.

Johannes Thingnes Bø og Håvard Gutubø Bogetveit tok dobbelt under sprinten

DOBBELT: Gull til Johannes Thingnes Bø og Markane, og sølv til Håvard Gutubø Bogetveit og Førde vart dagens behaldning under NM i Mo i Rana. – Det smakte godt med ei NM-medalje på tampen av ein trøblete sesong, seier Førde-løparen.

Foto: John Roger Meland

Det kan gå mot tidenes sterkaste NM-innsatsen for skiskyttarane frå fylket. I går vart det stafettgull, medan det i dag vart både gull og sølv på sprinten.

– Eg er så godt som sikker på at det er første gang vi tek dobbelt på ein NM-distanse, og det viser uansett kva arbeid som har vore lagt ned over mange år, seier Leif Tvinnereim i skiskyttarkrinsen.

Overraskande sølv

Om det er gledeleg med gullmedaljen til Johannes Thingnes Bø, så er sølvmedaljen til Håvard Gutubø Bogetveit spesielt gledeleg.

– Det viser at vi har god breidde på toppnivå, strålar Tvinnereim.

I mål skilte det 49 sekund mellom gull- og sølvmedaljen.

– Han var det ikkje noko å gjere med. Han starta bak meg, men eg forstod på sekunderinga at han låg godt framfor meg. Uansett kult at to frå fylket er best i landet i dag, seier Bogetveit.

Slo sterke namn

Bak han på resultatlista finn ein langt meir meritterte løparar som Vetle Sjåstad Christiansen, Henrik L'Abée-Lund og verdscupvinnaren frå 2010, Emil Hegle Svendsen.

Svendsen, som kan vise til 18 VM-medaljar, fem OL-medaljar og 36 verdscupsigrar kom i mål 20 sekund etter Bogetveit.

– Det er veldig kult å vise at eg held same nivå som dei i dag. Det motiverer og inspirerer til neste sesong å vise at eg kan hamle opp med dei beste skiskyttarane i landet på gode dagar, seier Bogetveit.

Andre senior medalje

– Det var heilt avgjerande å skyte feilfritt, men det hjelper heilt klart på å gå fort i sporet også. Begge deler til saman blir bra, seier 24-åringen og legg til han sjølv hadde håp, men ikkje heilt trua på, at det kunne bli medalje. Sjølv om det i januar vart NM-bronse på 20 kilometeren i Holmenkollen.

Løparen var i fjor ofte å finne på IBU-renn og fekk også gå einskilde verdscuprenn. I år har det derimot blitt smått med internasjonale konkurransar.

– Då smaker det ekstra godt å vise at eg kan gå både fort og skyte godt, seier han.

Går for fleire medaljar

Skiskyttarsesongen blir avslutta denne helga med meisterskapen i Mo i Rana. Laurdag er det duka for jaktstart, medan fellesstarten set endeleg punktum for sesongen på søndag.

Då kan det bli fleire medaljar til fylket.

– Eg har i alle fall eit godt utgangspunkt på jaktstarten. Johannes stiller ikkje til start, så blir det ei kjekk erfaring å ta med seg vidare å få gå først ut. Men det blir endå viktigare enn i dag å skyte godt. I morgon er det 19 eller 20 treff som gjeld, avsluttar han.