Hopp til innhold

Gir heile landet vestlandsk julekonsert

NRK inviterer i desember heile landet til TV-konsert frå Grieghallen. – Vi lovar at det blir ein festkveld du ikkje vil gå glipp av, seier prosjektleiar Stian Sjursen Takle i NRK.

Einar Espeland, Stian Sjursen Takle og Alexander Vallestad.

LOVAR FINE ARTISTAR: Einar Espeland frå NRK Rogaland, prosjektleiar Stian Sjursen Takle frå NRK Sogn og Fjordane og Aleksander Vallestad som er musikkprodusent i NRKP1 jobbar for å sette saman ein spennande og god musikalsk julefest i Grieghallen 10. desember.

Foto: Erling Johnsen

Konserten blir NRK1 sin store konsert for heile landet 1. juledag. På scena, og TV-skjermen, står kjende og kjære artistar frå Vestlandet, men også nye og spennande namn.

I skrivande stund blir det jobba på spreng med å booke dei siste artistane, men på nettsidene til Grieghallen kan du alt no sikre deg billettar til ein unik og stemningsfull festkonsert 10. desember.

– Det blir ikkje berre julesongar, men alt kjem til å handle om både glede, venskap, samhald og varme – verdiar som mange set høgt i julehøgtida, seier Sjursen Takle.

Sommarfuglar i magen

Sjursen Takle håpar å setje saman artistar som ingen tidlegare har sett synge saman før i det han lovar blir noko stort og flott for heile familien.

Prosjektleiaren kjenner allereie no på fallhøgda.

– For å seie det rett ut, så er eg nervøs og har tusen sommarfuglar i magen. Det å skulle samle Vestlandet på denne måten i sjølvaste Grieghallen, med plass til 1.700 i salen og med ambisjonar om å lage fest for små og store, det gir meg prestasjonspress, seier han.

Samarbeidskonsert

Konserten er eit samarbeid mellom NRK-kontora i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

Grieghallen

STORSTOVA: Med sine 3.500 kvadratmeter kan ikkje Grieghallen i Bergen skildrast som noko anna enn vestlandets kulturstove.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Med seg på laget har dei Gloppen Musikkforum som teknisk arrangør, Sparebanken Vest og Kokkenes Mesterlaug. I komiteen har Sjursen Takle mellom anna med seg Einar Espeland frå NRK Rogaland og Aleksander Vallestad frå NRK Hordaland.

– Vi satsar på å lage ein flott julefest, og la heile landet få vere med gjennom TV-ruta, seier prosjektleiaren.

God tradisjon

Det er ikkje første gong at Sjursen Takle lagar julekonsert på TV for NRK. Dei siste tre åra har NRK Sogn og Fjordane mellom anna laga konsert med Kringkastingsorkesteret frå Nordfjord.

I fjor vart anodehallen til Hydro sitt aluminiumsverk i Høyanger bygd om til konsertsal. Høgdepunkta gjekk på TV.

Under årets konsert i Grieghallen har NRK eit stort team med produsentar, lydfolk og fotografar i sving for å skape vestlandsk TV-fest av konserten.

– Vi skal lage ei stor sending som skal sørge for god stemning rundt om i heile landet. Dette skal bli ein konsert for å vise kor mykje bra artistar Vestlandet har å by på, avsluttar Sjursen Takle.