Hopp til innhold

Sjå smakebitar frå KORK-konserten

Fredag kveld kan du benke deg framfor fjernsynet og sjå konserten der lokale artistar frå Sogn og Fjordane fekk spele med Kringkastingsorkesteret. Men allereie no gir vi deg nokre smakebitar.

Bestillingsverket "Tri Tonar" framført saman med Kringkastingsorkesteret på Opera Nordfjord. Verket er laga i samband med feiringa av Sogn og Fjordane som feira 250 år i 2013.

SJÅ OG HØYR: Bestillingsverket "Tri Tonar" vart framført saman med Kringkastingsorkesteret for å markere feiringa av Sogn og Fjordane sitt 250-årsjubileum.

For snart ein månad sidan spelte Kringkastingsorkesteret, KORK, for aller første gong i Sogn og Fjordane. Symfoniorkesteret vitja då Operahuset Nordfjord i Eid, og saman med ei rekkje lokale artistar samla dei fulle hus til ei spesiell konsertoppleving.

Tone Damli, Eva Weel Skram, Sigrid Moldestad og Olav Stedje har alle musikken og heimfylket til felles. Dei har også alle hatt ein draum om å få spele musikken sin saman med eit stort symfoniorkesteret. Og nettopp denne draumen vart verkeleg då KORK kom til Sogn og Fjordane i samband med feiringa av Sogn og Fjordane sitt 250-årsjubileum.

Tre gonger vart operahuset fylt til randa, og prosjektleiar Stian Sjursen Takle i NRK hadde knapt ord for det dei hadde fått til.

– Det rann ein del tårer nedover kjaken min under den første konserten, sa han til NRK.no i midten av november.

– Eg har aldri fått så mange gode og varme klemmar frå folk eg ikkje kjenner, så det var eit lite eventyr. Og for meg er det kjekkaste å sjå at dette har vore ei stor oppleving for dei som har kome for å sjå og høyre på, la han til.

Og i kveld kan du få sjå delar av dette musikalske eventyret på fjernsyn. NRK1 sender«Draumen om KORK» klokka 20.05.

Ikkje alt frå den store konserthendinga fekk plass i programmet, og under kan du sjå nokre av dei musikalske godbitane publikum kunne gle seg over i Opera Nordfjord.

Lothe med Jordbær og grasbrann saman med Kringkastingsorkesteret

Lothe med Jordbær og grasbrann saman med Kringkastingsorkesteret.

Thea Hjelmeland med låten Age saman med Kringkastingsorkesteret

Thea Hjelmeland med låta Age saman med Kringkastingsorkesteret.

Sigrid Moldestad med Så ta mitt hjerte saman med Kringkastingsorkesteret

Sigrid Moldestad med Så ta mitt hjerte saman med Kringkastingsorkesteret

Oddhild Nyberg spelar fele saman med Kringkastingsorkesteret

Oddhild Nyberg spelar fele saman med Kringkastingsorkesteret.

Synne Askvoll spelar piano saman med Kringkastingsorkesteret

Synne Askevoll spelar piano saman med Kringkastingsorkesteret.