Hopp til innhold

Luttprisen flyttar til Balestrand

Det er klart for ein glamorøs storfest når Luttprisen blir delt ut i 6899 Balestrand i mars. No kan du røyste fram dine favorittar.

Teo Tomczuk fekk Luttprisen som årets nykommar 2022

Teo frå Solund fekk Luttprisen som årets nykommar i Operahuset Nordfjord i 2023.

Foto: Øystein Torheim

Saman med Kviknes Hotel og gjengen på Balestrand Hotell inviterer Luttprisen alle til å hylle musikklivet i Sogn og Fjordane i den naturskjønne kulturbygda.

Dette har eg gledd meg til lenge. Det blir ein fest du ikkje vil gå glipp av, seier prosjektleiar i NRK Vestland, Stian Sjursen Takle.

Han legg til:

Laurdag 2. mars skal vi verkeleg vise kor mykje bra Sogn, Sunnfjord og Nordfjord kan å by på musikalsk.

Smakebitar frå Luttprisen i Operahuset Nordfjord 3. februar 2022.

Smakebitar frå Luttprisen i Operahuset Nordfjord 3. februar 2023.

Vår lokale Spellemann

Ved Balestrand hotell gler Per Àki Sigurdsson Kvikne og Theodor Sigurdsson Kvikne seg til å vere vertskap for årets prisutdeling.

Då vi fekk spørsmål om å få til Luttprisen i Balestrand, blei vi veldig gira. For oss er Luttprisen vår lokale Spellemannspris, og ein av dei viktigaste bidraga til å løfte lokale musikarar, seier brørne, som kanskje er mest kjende frå Kjartan Lauritzen og TV-serien «6899 til eg dør».

Per Kvikne, Randi Sognes Aamot og Teddy Kvikne.

Gjengen på Balestrand hotell gler seg til å få Luttprisen til Balestrand.

Foto: Rainer Kleive

Noregs mest spelte

Musikklivet i Sogn og Fjordane blomstrar for alvor akkurat no.

Fem av dei mest spelte artistane i Noregs største radiokanal, NRK P1, er frå Sogn, Sunnfjord og Nordfjord.

Fantastisk! Det har aldri skjedd før! Då er det ekstra stas at alle fem skal opptre under Luttprisen, seier Sjursen Takle i NRK Vestland.

Han siktar til Anna Lille frå Nordfjordeid, Oddny frå Bremanger, Line Dybedal frå Stad, Håvard frå Gloppen og MAIH frå Fjaler.

Arian frå MGP og P3 Gull

Mange fleire artistar opptrer på Kviknes hotell denne festkvelden.

Dit kjem nemleg også blant andre Finn Tokvam, Olav Stedje og Odd-Erik Lothe, Gunn Kvaale, b0ka og sjølvsagt Kjartan Lauritzen.

Programleiar for showet er Arian Engebø frå Førde, som tidlegare har leia både den norske finalen i MGP og P3 Gull.

Det kan også dukke opp overraskingar. Køyreplanen for showet er ikkje heilt klar.

Arianrhod Engebø

Arianrhod Engebø frå Førde blir programleiar for Luttprisen i Balestrand.

Foto: Henriette Dæhli

Den 18. Luttprisen

Luttprisen er tidlegare delt ut 17 gonger. Kvart år har det blitt arrangert store prisshow rundt om i den nordlege delen av Vestland fylke.

Målet er å løfte fram musikklivet i Sogn og Fjordane.

Les også Desse har fått Luttprisen

Luttprisdiplomet av Oddvar Torsheim

I tillegg til show blir det kåring av årets artist, årets nykommar og årets eldsjel. I fjor vart Odd-Erik Lothe årets artist i Operahuset Nordfjord.

Som tidlegare år blir publikum invitert med på å røyste fram vinnarane.

Siste frist for å levere røyster er 25. februar klokka 2300. Du kan berre røyste to gonger i døgnet.

Luttprisen vert bestemt av ein fagjury saman med røystene frå folkejuryen. Premien er eit stipend 25.000 kroner.

Her kan du røyste på dine favorittar:

Direkte i radio

Luttprisen vert sendt direkte i NRK P1 Sogn og Fjordane laurdag 2. mars klokka 21.

Dagen før går heile dagsendinga på radio frå Balestrand hotell med berre musikk frå Sogn og Fjordane på sendeplanen.

Prisutdelinga i Balestrand er i eit samarbeid mellom Kjartan Lauritzen, Kviknes Hotel, Brak, Vestland fylkeskommune, produksjonsselskapet OnCue og NRK Vestland.

Julianne Flølo er programleiar og elskar konfettikanoner.
Foto: Øystein Torheim
Luttprisen 2022 blei delt ut i eit utseld Operahus på Nordfjordeid og Odd-Erik Lote blei vinnaren av den gjeve prisen. Teo frå Solund blei årets nykommar.
Luttprisen 2024 Plakat