NRK Meny
Normal

Her kan du sjå tidenes første julekonsert frå eit aluminiumsverk

For første og kanskje siste gong produserte NRK i haust ein konsert frå innsida av eit aluminiumsverk. No kan du nyte dei vakre og tøffe tonane i nett-TV.

For aller første og sikkert siste gong vart det arrangert ein stor konsert på eit aluminiumsverk. Hydro rydda ein av produksjonshallane sine i Høyanger for å skape ei historisk konsertoppleving. Aluminium og anodar vart bytta ut med publikum påført hjelmar og artistar på ei scene av aluminiumsblokker. For 100 år sidan gjekk Høyanger frå å vere ei veglaus grend ved Sognefjorden, med nokre få hus, til å bli ein travel og viktig industristad i Norge. På scena under denne konserten står artistar som Thea Hjelmeland, Eva & The Heartmaker, Odd-Erik Lothe, Karl Seglem og Line Dybedal. Programleiar er Finn Tokvam.

I samband med 100-årsjubileet til Høyanger i år, blei ein del av produksjonen stoppa i to dagar i november. Den såkalla anodehallen vart bygd om til konsertarena. Her blei mange artistar samla til ein spektakulær konsertproduksjon der målet var å vise fram industrisjela til Høyanger.

På julaftan kunne du sjå ei redigert utgåve av konserten, med artistar som Thea Hjelmeland, Eva & the Heartmaker, Odd-Erik Lothe, Karl Seglem og Line Dybedal. Programleiar er Finn Tokvam.

– Det er andre året på rad vi leverer TV-underhaldning til det norske folk på julaftan. I år blir det musikalsk og spektakulær fest frå aluminiumsverket i Høyanger. Det er utruleg kjekt at vi får vise fram denne konserten på ein slik dag, seier prosjektleiar Stian Sjursen Takle i NRK Sogn og Fjordane.

Populæreorkester Finn-Erix si framføring under Julelutt i Høyanger.

ARTIG VRI: Finn-Erix framførte lokale låtar på sin spesielle måte.

I programmet får du også sjå unike historiske bilete frå Høyanger, og du får med deg historia om korleis industrien har sett sine tydelege spor på denne staden langs Sognefjorden.

NRK hadde regien på konserten, medan OnCue i Høyanger var teknisk arrangør i samarbeid med aluminiumsverket til Hydro i Høyanger. I alt var 150 personar i sving på og bak scena for å skape den unike konserten som vert sendt i beste sendetid.

Her kan du heile konserten frå anodehallen i Høyanger.
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser