Hopp til innhold

Anders laga karantene-song då han lengta heim

Då musikkstudentane ikkje kunne reise heim på påskeferie, bestemte dei seg for å spele inn ein fleirstemt karantenesong.

MUSIKKVIDEO: Songen er laga av Anders Vassli Brekke. Han har fått med seg Marthe Aa, Helena Bjarkadottir, Birgit Djupedal, Ingrid Nedrebø, Endre Aaberge Dahl, Eirik Mundhjeld, Henning Lad og Olav Magnus Egeland. Videoen er produsert av Sindre Steig frå Luster.

– Fleire av oss har vore i karantene, og vi sit på kvar våre hyblar rundt omkring i landet, fortel Anders Vassli Brekke frå Vik.

Han er musikkstudent og studerer ved Musikkonservatoriet i Trondheim. I år blir det ingen påskeferie i heimbygda.

– Då er det fort gjort å gå på veggen når ein berre sit og ser inn i nabohuset. For å fylle dagane med noko, så laga eg ein song. Og sidan eg har så mange gode vener, fekk eg dei til å synge. Deretter miksa Sindre Steig frå Luster dette saman.

Spelte inn kvar for seg

Det er Brekke som har laga songen. Han sende notar og lydfil til dei åtte andre, der fem er frå ulike stader i Sogn og Fjordane. Ingen av dei hadde høyrt han før eller øvd saman før dei spelte inn.

– Vi har spelt inn songen kvar for oss. Det var litt spennande, for vi ville lage eit produkt i lag der vi ikkje har møtst for å øve og ingen har høyrd songen før.

Men det gjekk fint å synge inn si stemme kvar for seg, samstundes som dei filma. Etterpå blei det sett saman til ein musikkvideo med fine bilete. Brekke seier teksten til den flunkande nye songen ikkje handlar om så veldig mykje.

– Teksten er jo berre korona, karantenetid og så at vi ikkje har fått smakt joikakaker på lenge. Han er ganske banal og enkelt summert opp kvardagen vår, ler han.

Det er fleire andre som har hatt liknande prosjekt, og Brekke har blitt litt inspirert.

– Første utkastet blei laga for to-tre veker sidan. Det var før dei andre videoane kom. Etter kvart blei vi inspirerte av dei andre som la ut og tenkte det var moro å lage sjølv.

Anders Vassli Brekke

ORGANIST: Anders Vassli Brekke frå Vik skal ta mastergrad i orgel.

Foto: Kristoffer Hylland Skogheim

Lengtar heim

Brekke skulle gjerne vore i Vik i påska, men seier det er viktig å halde seg vekke, sjølv om han ikkje er smitta. Han vedgår at han lengtar heim.

– Ja, når ein har vore midt i byen i fire månader så hadde det vore kjekt å komme heim. Påskeføret er ganske labert samanlikna med kva eg er van med. Men vi har det også fint her. Vi skal ikkje klage.

No håper han folk vil setje pris på det dei har laga.

– Det er berre eit morosam bidrag. Vi gjorde det mykje for vår eigen del for å få tida til å gå. Og kan det glede andre er det ekstra stas. og at det kan oppmoda andre om å halde smitteverntiltaka som er pålagde.

Måtte utsette påsketurné

Også andre har laga musikkvideoar trass i at musikarane sit på kvar sin plass.

Koronapandemien gjer at Norheimsund og Øystese Ungdomskor har måtte forskyve årets påsketurné til hausten. I staden har halve koret sunge inn «Via Dolorosa» frå heimane sine. I tillegg har nokre tidlegare kormedlemmer bidrege.

– Vi spelte inn ei plate med påskesongar i fjor, dette er ein song derfrå, fortel dirigent Vidar Sangolt.

– Videoen har fått nokre avspelingar. Koret har eksistert i 52 år og mange har eit forhold til det, seier dirigenten.

Initiativet kom frå Øyvind Nyborg, som også er solist i videoen. Han studerer til vanleg ved European Film College i Danmark.

– På denne måte fekk eg kombinert to interesser i eit kjekt prosjekt, seier Nyborg.

Kringkastingsorkestret har også laga musikk frå heimekontora under koronakrisa. Her er KORK sin versjon av «All by myself».

Hjemmekontor kan være ensomt, også for KORK, men hvem blir ikke glad av å spille denne udødelige klassikeren alenesammen?

SJÅ VIDEO: Heimekontor kan vere einsamt, også for KORK. Men kven blir ikkje glad av å spele denne udødelege klassikaren åleine saman?