Hopp til innhold

Desse fekk Luttprisane 2024

Line Dybedal blei årets artist. Heidersprisen gjekk til ein kjent 85-åring frå Førde.

Luttprisen 2024. Prisutdeling frå Kviknes Hotel i Balestrand. På scena står Kjartan Lauritzen, Oddny, Anna Lille, Gunn Kvaale, Line Dybedal, Finn Tokvam, Olav Stedje, Odd-Erik Lothe,Teo, Håvard, Maih og Roger Pettersen. Programleiar er Arianrhod Engebø.

Sjå heile Luttprisen her! Produksjon: Lars Jonas Pedersen, ArtSys Solutions.

Laurdag kveld vart Luttprisane delt ut direkte frå Kviknes hotell i Balestrand.

Line Dybedal vart årets artist, Oddny vart årets nykommar. Stian Sjursen Takle vart årets eldsjel og Oddvar Torsheim fekk heidersprisen.

Det er 18. gongen at desse prisane vart delt ut til artistar frå Sogn og Fjordane. Tidlegare har artistar som Eva Weel Skram, Sigrid Moldestad og Kjartan Lauritzen fått denne prisen.

I år vart Luttprisen arrangert på Kviknes Hotel i Balestrand saman med gjengen på Balestrand hotell, NRK Vestland og produksjonsselskapet OnCue.

Anna Lille framfører Moviestar under Luttprisen i Balestrand 2024

Anna Lille var blant artistane som stod på scena under Luttprisen i Balestrand.

Foto: www.lumir.no

Line vart årets artist

Juryen seier at årets artist, Line Dybedal, har ein sterk musikalsk identitet, og har i mange år vore blant dei fremste i fylket i sin sjanger. Som soloartist har det blitt tre album og nesten tre dusin singlar, det nyaste albumet kom i 2023.

Line Dybedal frå Selje vert tildelt prisen som årets artist under Luttprisen på Kviknes hotel i Balestrand.

Line Dybedal frå Selje vert tildelt prisen som årets artist under Luttprisen på Kviknes hotel i Balestrand.

Oddvar Torsheim fekk heidersprisen

Det vart også delt ut ein ekstraordinær pris i år. For andre gong vart Lutt sin heiderspris delt ut. Tidlegare er det berre Olav Stedje som har fått denne prisen. Men laurdag kveld fekk Oddvar Torsheim den andre heidersprisen.

Juryen seier at Torsheim er ein av våre fremste kunstnarar, men har også stått fram med eit unikt musikalsk uttrykk gjennom fleire tiår. Han har følgt Luttprisen frå starten, og stått på scena mange gonger. Det siste året har han feira 85-årsjubileum og endeleg fått opna sitt eige galleri i Kalvåg. Han vart overraska med både pris og Roger Pettersen si tolking av låta si «Galningen.»

Oddvar Torsheim fekk tildelt heidersprisen under Luttprisen på Kviknes Hotel i Balestrand i 2024

Oddvar Torsheim fekk tildelt heidersprisen under Luttprisen på Kviknes Hotel i Balestrand i 2024

Oddny vart årets nykomar

Juryen seier Oddny på kort tid har posisjonert seg som eit band med kvardagslyrikk på dialekt som sitt varemerke. Dei har utmerka seg med sine enkle, men treffande skildringar av både det nære kystlandskapet og storbyen sine mange utfordringar.

Saman med ein fagjury er det publikum som avgjer kven som får tildelt Luttprisen. Det kom inn nesten 16.000 røyster til dei nominerte til prisane i år.

Oddny blir tildelt Luttprisen 2024 som årets nykommar på Kviknes Hotel i Balestrand.

Oddny blir tildelt Luttprisen 2024 som årets nykommar på Kviknes Hotel i Balestrand.

Årets eldsjel vart Stian Sjursen Takle

Musikkorganisasjonen Brak har stått for denne prisen og juryen seier at vinnaren har over mange år vist eit brennande engasjement for musikk. Frå sin sentrale posisjon i NRK har vinnaren konsekvent framsnakka og jobba ekstra for at musikk og musikarar i alle aldrar skal nå ut til så mange som mogleg.

Vinnaren har gjennom systematisk innsats og gjennom mange samarbeid reda grunnen for scener og arena der spesielt unge musikarar og artistar frå gamle Sogn og Fjordane fylke har fått moglegheita til å ta ei ekstra steg vidare i karriera og i musikkbransjen.

Stian Sjursen Takle blir overraska med tildeling av Luttprisen som årets eldsjel på Kviknes Hotel i Balestrand.

Stian Sjursen Takle blir overraska med tildeling av Luttprisen som årets eldsjel på Kviknes Hotel i Balestrand.

Høyr sendinga frå utdelinga her:

Les også:

Les også Desse har fått Luttprisen

Luttprisdiplomet av Oddvar Torsheim