Påskekonsert med Sigrid Moldestad på NRK1

Langfredag får heile Noreg oppleve nokre av dei sterkaste låtane til Sigrid Moldestad i beste sendetid på NRK1.

NRK P1 kåra Sigrid Moldestad sitt siste album til det beste norske i 2014. I denne intimkonserten frå den sjarmerande Åmot Operagard i Sogn og Fjordane presenterer ho noko av det beste frå sine fire album. Vi kjem svært tett på ein folkeleg musikar som elskar å formidle i både ord og tonar.

SJÅ: Klokka 2235 på langfredag kan du sjå konserten med Sigrid Moldestad frå Åmot Operagard.

Oddleif Løseth
Journalist

NRK P1 kåra Sigrid Moldestad sitt siste album til det beste norske i 2014 . Langfredag klokka 22.35 får heile Noreg sjanse til å bli betre kjend med ho og musikken hennar.

I ein intimkonsert frå den sjarmerande Åmot Operagard i Gaular presenterer ho nemleg noko av det beste frå sine fire album .

Til større publikum

Stian Sjursen Takle

NØGD: At vi har fått sendetid på hovudkanalen på sjølvsagte langfredag er jo heilt fantastisk. Dette blir perfekt påskeunderhaldning i hytter og hus, for folk i alle aldrar, seier Stian Sjursen Takle.

Foto: Dagrun Reiakvam

Det blir låtar som «Samuline», «Himlen har sove bort mørkret» og «Brevet» i tett og varm stemning i ein fullsett operalåve.

Konserten var eit samarbeid mellom Åmot Operagard og NRK Sogn og Fjordane som har filma og produsert konserten.

– Vi hadde ønskje om å lage ein konsert som viste fram Moldestad for eit større publikum i ei tett og intim ramme. Det meiner eg vi har fått til, og no er det berre å glede seg til TV-konsert, seier Stian Sjursen Takle som er prosjektleiar for konserten.

Stolte og glade

For å få fram den intime stemninga vart konserten lagt til operalåven på Åmot Gard i Gaular.

Sigrid Moldestad

PÅ TV: Sigrid Moldestad har med seg eit sterkt band under konserten på Åmot Operagard med Sigbjørn Apeland på tangentar, Roald Kaldestad på gitar, Anders Bitustøyl på bass, Anders Røine på langeleik, fele og munnharpe og Kåre Opheim på trommer.

Foto: NRK

Vertskapet der gler seg også til konserten, og seier dei skal samlast for å nyte konserten på TV fredag.

– Vi var stolte og glade for at vi fekk lov til å legge rammene rundt konserten. Lenge har vi drøymt om denne moglegheita til å fylle operalåven med publikum for å møte noko av det beste Noreg har å by på, seier Steinar Sørli ved Åmot Operagard.

Trongt om plassen

Det var berre plass til 118 publikumarar i salen under den intime konserten. Billettane vart utselde på svært kort tid.

Men ved hjelp av sju kamera har NRK Sogn og Fjordane festa konserten til filmen, slik at også dei som ikkje fekk vere der, får oppleve den unike konserten.

– For å få fram den dyktige musikaren, historieforteljaren og personen som Sigrid er, så var operalåven perfekt til å lage TV i. Vi kunne sjølvsagt ha valt ei større scene med betre plass, men då hadde vi ikkje fått fram den tette stemninga som du opplever i denne konserten. Det var heilt fantastisk å vere der og oppleve det, seier Sjursen Takle.

Prosjektleiaren håpar og trur at denne stemninga kjem godt fram også til TV-sjåarane på langfredag. Ole Andre Rekkedal i NRK Sogn og Fjordane har regien for programmet.

Sendinga ser du på NRK1 langfredag 22.35.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.