Hopp til innhold

Denne gjengen var fyrst framme ved Viking Sky

FLORØ (NRK): Det var dramatiske scener som møtte redningsmannskapet frå CHC Helikopter Service då dei rykka ut til cruiseskipet Viking Sky i helga.

Redningsmannskap i Florø

MEIR SOL ENN PÅ LAURDAG: I dag kan redningsmannskapet til CHC Helikopter Service nyte ein dag i sola, i sterk kontrast til det dramatiske uvêret på laurdag.

Foto: Artur do Carmo / NRK

– Vanlegvis er redningsoppdraga på cruiseskip veldig enkle, seier Alvin Fyhn, tilsett på redningshelikopteret til CHC Helikopter Service.

– Det er gjerne nokon som har fått eit hjarteinfarkt, så vi må ta med oss vedkommande. Denne gongen var det heilt annleis.

Viking Sky

1373 PASSASJERAR: Evakueringa av cruiseskipet Viking Sky kom i gang rundt 16-tida på laurdag.

Foto: Åse Grete Farstad

Cruiseskipet Viking Sky var på veg frå Tromsø til Stavanger då det fekk motortrøbbel i uveret laurdag ettermiddag. Skipet var då på Hustadvika ved Møre og Romsdal. Dei 1373 passasjerane måtte evakuerast, og arbeidet var i gang rundt klokka 16.00.

Fyrste helikopter på staden

– Det som møtte oss var grov sjø og sterk vind. Vi tok oss god tid til å lage eit godt oppsett og evaluere situasjonen. Det var krevjande forhold sånn sett, men innanfor det vi er trent på, seier fartøysjef Odd-Arild Hansen i CHC Helikopter Service.

Odd-Arild Hansen, CHC Helikopter Service

PILOT PÅ JOBB: Odd-Arild Hansen i CHC Helikopter Service seier det krev sin mann å vere pilot i slikt uvêr som på laurdag. – Men det er innanfor arbeidsoppgåvene våre. Vi trener på slike situasjonar og varierer treninga til ulike forhold.

Foto: Artur do Carmo / NRK

Redningshelikopteret frå Florø var det fyrste på staden, og fekk raskt eit bilete over situasjonen. Snart var fleire helikopter på plass, og saman evakuerte dei 479 av cruisepassasjerane gjennom natta.

– På skipet var det kaos. Mannskapet var ikkje førebudd på kva som skulle skje og korleis. Dei hadde ikkje vore med på noko liknande før, så vi brukte litt tid på å organisere og kome i gang med evakueringa, men etter kvart gjekk det meir og meir effektivt, seier Fyhn.

Les òg: Her legg Viking Sky til kai i Molde

Ein heilt vanleg dag på jobben

Dei tilsette i redningshelikopteret hadde allereie vore ute på eit oppdrag den dagen då meldinga frå Viking Sky kom inn, og merka påkjenninga på kroppen utover kvelden og natta.

– Eg var sliten. Vi hadde flydd lenge og arbeida mykje, seier Alvin Fyhn.

Alvin Fyhn, CHC Helikopter Service

TENKJER TILBAKE PÅ HELGA: – Vi er nøgd med eigen innsats, men tenkjer sjølvsagt på kva som kunne vore betre, seier Alvin Fyhn.

Foto: Artur do Carmo / NRK

Oppdrag som dette er redningsarbeidarane vand til, men dei har forståing for at det kan verke sensasjonelt for utanforståande – spesielt dei som må reddast.

– Det er klart det er dramatisk for ei dame på 90 år som er på ferie i Noreg og skal bli evakuert frå skipet i helikopter, men for oss var denne operasjonen heilt innanfor det vanlege. Den var roleg, trygg og vi har trent godt på slike situasjonar, seier Rune Meyer Amundsen, fartøysjef i CHC.

Rune Meyer Amundsen, CHC Helikopter Service

HEKTISK ARBEIDSKVARDAG: – Ute på oppdrag får du eit spesielt forhold til tid. Du kan gjerne lande etter 3 timar flytid, og tru det berre har gått ein time, seier Rune Meyer Amundsen i CHC Helikopter Service.

Foto: Artur do Carmo / NRK

Meir dramatikk venta

Etter at redningsaksjonen på Viking Sky var godt i gang, fekk helikopteret beskjed om at eit lasteskip med tømmer fekk trøbbel ikkje langt frå der cruiseskipet var. Redningsmannskapet måtte difor setje av garde til ei ny evakuering.

– Vi klarte ikkje å heise folk opp frå båten, så dei måtte rett og slett hoppe ein og ein i sjøen, og så plukka vi dei opp der ifrå. Trass 10 meters bylgjer er det ein tryggare operasjon enn å heise på ein båt i mykje bevegelse.

Les òg: Mannskapet hoppa i bølgene for å redde livet

CHC Helikopter Service

TILBAKE TIL KVARDAGEN: I dag er ein ny arbeidsdag for redningsmannskapet, og helikopteret er klart for nye oppdrag.

Foto: Artur do Carmo / NRK

Etter ein lang dag på jobben på laurdag, fekk redningsmannskapet seg ein fortent kviledag på søndag.

– I dag er vi i fin form att, smiler Odd-Arild Hansen.

Redningsmannskapet har fått fine tilbakemeldingar etter aksjonen på Viking Sky.

– Eg tykkjer det er veldig positivt at folk får følelsen av at dei vert godt behandla av redningsmannskapet, men vi gjer no berre jobben vår. Dei som verkeleg fortener skryt er dei frivillige som dukkar opp og gjer ein innsats, understrekar Fyhn.

Se bildene fra hjelmkameraet til redningsmennene.

SJÅ VIDEO: Se bileta frå hjelmkameraet til redningsmennene.