Hopp til innhold

Passasjerane: – We made it

Jublande passasjerar frå Cruiseskipet Viking Sky ropa «We made it», då skipet la til kai i Molde Havn. Dei første flyg heim i kveld.

Passasjerane som stod på dekk på Viking Sky vinka og ropa til dei frammøte på kaia.

Nesten 900 passasjerar og mannskap er om bord i skipet som kom i havsnaud laurdag i Hustadvika. I 12-tida gjekk skipet for eiga maskin, og sette kursen mot Molde. Cruiseskipet vart følgt av taubåtar. Passasjerar stod på dekk og ropte og vinka til dei frammøtte. Fleire hadde med norske flagg.

På storkaia i Molde stod også naudetatar og frivillige som skal ta imot passasjerane.

Blant dei frammøtte på kaia var Denise Tozer frå London. Ho var blant dei første som vart evakuert frå cruiseskipet laurdag ettermiddag.

– Vi har jo blitt kjent med mange på cruiseskipet. Det er godt å sjå dei komme inn og at det går bra med dei. Det er fantastisk. Ein tenker jo det verste når ein er i ein slik situasjon, seier ho. Sjølv har ho blåmerke og har sydd fleire sting etter at ho ramla då ei bølge skylte inn i skipet.

Jubel for Viking Sky

Nokre av dei frammøtte hadde med seg flagg for å helse cruisepassasjerane velkomen.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Vinka frå verandaen

Det vart sett opp bussar, og passasjerane blei frakta i puljar frå kaia til hotellet Scandic Seilet, der politiet og Røde Kors registrerte alle. På hotellet fekk passasjerane servert middag.

Det amerikanske ekteparet Maglyn og James Webbert kom ikkje i land før søndag kveld. Dei var ikkje redde under dramatikken, men innrømmer at dei var bekymra då dei ikkje såg himmelen, men berre vatn fordi båten krenga. No er dei glade for å ha føtene på landjorda.

– Det var så ufatteleg korleis innbyggjarane i Molde helste oss på kaia. Eg stod på verandaen og vinka til alle og ropte takk, seier Maglyn. Dei kjem gjerne tilbake til Noreg, men om sommaren.

Maglyn og James Webbert

Maglyn og James Webbert er svært nøgde med båten ulykka vart handtert på.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Kunne gått gale

Ordførar i Molde, Torgeir Dahl (H) er glad for at dramaet enda godt.

– Det har jo vore eit skarpt oppdrag. Det kunne gått veldig gale. No ser vi svært nøgde passasjerar. Det er hyggeleg at folk flaggar med norske flagg og viser at dei bryr seg, seier Dahl.

Også dei amerikanske, britiske og kanadiske ambassadane assisterer. Dei har sendt folk til Molde for å hjelpe sine borgarar. Blant anna skal dei gi informasjon og nye pass til dei som treng det. Det er om lag 600 amerikanske passasjerar i skipet.

479 passasjerar vart evakuerte ved hjelp av helikopter. Til saman 1373 personar var om bord på cruiseskipet. Totalt har 25 personar blitt behandla på sjukehus. Ifylgje NTB er 13 framleis innlagt.

Viking Sky til kai i Molde

Viking Sky kom til kai like før 16.30.

Foto: Olaug Bjørnset / NRK

Har hatt det tøft

Det er oppretta eit mottakssenter på hotellet, for dei av passasjerane som ikkje ynskjer å overnatte i cruiseskipet, fram til dei skal reise heim. Ein god del av passasjerane vel å bli verande i skipet.

Politistasjonssjef i Molde, Per Karstein Røv, er letta over at det gjekk så bra. For naudetatane har det vore ein enorm logistikk å organisere fem helikopter og to havarerte skip. I tillegg til cruiseskipet, havarerte også ein lastebåt. Utfordringa for mottaksapparatet har vore å handtere så mange menneske.

– Når dei kjem i land vert alle registrert og deretter får dei mat. No er det selskapet som tar over ansvaret og sørger for at dei kjem seg vidare, seier Røv. Han veit at alle om bord i skipet har hatt det tøft.

Nødetatene stod klare da Viking Sky kom til Molde

Naudetatane og frivillige stod klare då skipet la til kai.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Drar heim i kveld

Dei første passasjerane skal fly til Oslo i 21-tida søndag kveld. Det er også sett opp eit charterfly til London rundt midnatt, med plass til om lag 200 passasjerar.

Denise og Mike Tozer er av dei som drar heim med fly søndag kveld. Mike synest det er svært emosjonelt å stå på kaia der skipet ligg.

– Det var eit drama, men no er dramaet over. Det norske redningsmannskapet har gjort ein fantastisk jobb. Dei er veldig profesjonelle. Gratulerer til Noreg!, seier Mike Tozer.

Beredskapsministeren, Fylkesmannen, biskopen og ordførarane i Molde og Kristiansund har gått om bord i Viking Sky for å helse på kapteinen.

Biskop i Møre, Ingeborg Midttømme, er glad for at dramatikken er over.

–Det er heilt fantastisk at det gjekk så bra. Marginane var jo ganske hårfine i går. Eg var på informasjonsmøte i stad, med dei som vart evakuerte. Dei var så takknemlege og letta, seier Midttømme.

Den dramatiske evakueringa frå Viking Sky – dette har skjedd

Viking Sky blir fulgt av taubåtar til Molde havn
Foto: Olaug Bjørneset / NRK