Hopp til innhold

Fryktar støy i skulekutt-saka

Arbeidarpartiet og Senterpartiet fryktar støy, og vil skrote den mest kontroversielle modellen for ny skulestruktur.

Jenny Følling, fylkesvaraordførar
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Dei to partia ynskjer å droppe konsekvensutgreiinga av konsulentverksemda Norconsult sitt mest kontroversielle modellen.

Både Jenny Følling (Sp) og Nils P. Støyva (Ap) fryktar modellen, som føreslår å leggje ned sju skular, berre vil skape bråk og støy.

– Slik vi ser det er det ikkje realistisk å gå så drastisk til verks som i den modellen, seier Følling.

Kraftig nedgang

Elevtalet i den vidaregåande skulen er venta å gå kraftig ned dei kommande åra. Fram til 2016 er det venta ein nedgang på 200–300 elevar. I perioden fram til 2024 er nedgongen venta å vere mellom 400 og 600 elevar.

Samstundes ventar fylkeskommunen å få mellom 45 og 90 millionar kroner mindre til vidaregåande opplæring fram til 2024.

For å få ei handsrekking med arbeidet å leggene opp den nye skulestrukturen, vende dei seg til Norconsult.

Tre modellar

Konsulentverksemda lanserer tre modellar, der mellom tre og sju skular, er føreslått nedlagde. I den mest radikale modellen blir Årdal, Luster, Dale, Mo og Jølster, Stryn, Høyanger og Måløy føreslått kutta.

Eid vidaregåande skule er tenkt som ein storskule med over 900 elevar.

– Eg tenkjer at ein skal prøve å lage minst mogleg støy, slik at det vi trur vi ikkje vil gjennomføre, det bør vi heller ikkje konsekvensutgreie om vi ikkje trur vi har behov for det, seier Følling.

Vil ikkje kutte sju skular

Onsdag startar planutvalet arbeidet med å vurdere kva følgjer modellane får. Både for økonomien, tilsette, elevar, kvalitet på fag-, skule og lokalmiljø.

Sp tek altså til orde for ikkje ein gong å sjå på konsekvensane av den mest radikale modellen. Dette er også Støyva i Ap samd i.

– Det er ting som vi har vore inne på. Det sa vi i opplæringsutvalet, at den modellen ynskjer vi ikkje å gå vidare med. No må vi ta ei runde på dette igjen i samband med møtet i planutvalet og fylkesutvalet, seier han.

– Feil å snevre inn

Framstegspartiet har på eige initiativ lagt fram det dei meiner er ein fjerde modell . Der blir dei vidaregåande skulane Dale, Luster og Firda føreslått nedlagde. Framlegget blir ikkje teke godt imot hos dei andre partia .

Når det gjeld Norconsult sine framlegg, meiner Norunn Lunde Furnes og KrF at det er feil å snevre inn utgreiingane.

– Vi har ikkje lyst til å konkludere no. Vi ynskjer at dette skal ut på høyring, så tek vi det rett og slett derifrå. Det er betre å gå breitt ut, enn å snevre inn det som skal på høyring, seier ho.