Hopp til innhold

Møter skepsis for eigen skulemodell

Framstegspartiet møter skepsis hos dei andre partia for sitt forslag til framtidig skulemodell i Sogn og Fjordane.

Frank Willy Djuvik (Frp)

IKKJE POPULÆRT: Frank Willy Djuvik og Frp sitt forslag til skulemodell blir ikkje godt motteke av dei andre partia i Sogn og Fjordane.

Foto: Oddleif Løset/NRK

At det må kuttast i den vidaregåande skulen er noko alle partia har måtte ta inn over seg. Færre elevar og mindre pengar å rutte med gjer at politikarane blir nøydde til å ta grep.

Fredag kom Frp med ein fjerde kuttmodell, ein modell dei meiner vil vere det beste for å sikre kvalitet i skulen. Frå før ligg tre modellar frå eit konsulentselskap på bordet.

Nils P. Støyva som er fylkesleiar i Arbeidarpartiet likar dårleg Frp sin skulemodell.

– Viss det er slik at dei no lanserer denne modellen, utan å ha konsekvensutgreidd den eller vurdert den, så er det på grensa til useriøst, seier Støyva til NRK.

Tvingande nødvendig med kutt

Nils P. Støyva

SKEPTISK: Nils P. Støyva er kritisk til at Frp lanserer ein modell dei ikkje har sett på følgjene av.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Dei komande åra kjem elevtalet i den vidaregåande skulen i Sogn og Fjordane til å gå kraftig ned.

I perioden 2012 til 2016 er det venta ein nedgang på 200–300 elevar. Fram til 2024 er nedgongen venta å vere mellom 400 og 600 elevar.

Fylkeskommunen ventar å få mellom 45 og 90 millionar kroner mindre til vidaregåande opplæring fram til 2024 – kutt i skulane er dermed noko som er tvingande nødvendig.

For nokre veker sidan kom rapporten som fylkespolitikarane har vente på. Konsulentselskapet Norconsult har sett nærare på den vidaregåande skulestrukturen i Sogn og Fjordane og presenterte tre ulike modellar for korleis å kutte.

Felles for alle dei tre modellane til Norconsult er at Luster, Høyanger og avdelinga i Mo og Jølster blir lagde ned.

Vil ha utgreidd ein fjerde modell

Før helga lanserte Framstegspartiet sitt eige forslag til korleis skulestrukturen i Sogn og Fjordane skal vere i framtida. Der blir dei vidaregåande skulane Dale, Luster og Firda føreslått nedlagde. I tillegg meiner Frp at Mo og Jølster vidaregåande bør bli ei avdeling under Øyrane VGS i Førde.

– Vi veit at vi må gjere strukturelle grep for å hindre at vi frå ein B-skule i Sogn og Fjordane i forhold til resten av landet, sa Djuvik til NRK.no før helga.

Det er førebels ikkje utgreidd kva følgjer modellane som Norconsult la fram vil få. Det er planutvalet i fylkeskommunen som 7. november tek stilling til kva modellar som skal konsekvensutgreiiast.

I mars og april neste år legg fylkesutvalet opp til ein høyringsprosess i saka. Denne skal avsluttast i siste halvdel av april. Saka skal slutthandsamast politisk i mai og juni 2013.
Djuvik håpar no også at denne fjerde modellen frå Frp skal bli utgreidd vidare.

– Når vi skal handsame dette er det viktig at vi har fleire modellar å velje mellom. Alt vi gjer vil få konsekvensar og konsekvensane går over i kvarandre, seier Djuvik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Firda vidaregåande skule og Trivselshagen

KAN BLI LAGT NED: I Frp sitt forslag er Firda vidaregåande skule på Sandane føreslått nedlagt.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Vil leggje ned skulen på Sandane

Frp er mellom anna kritiske til at det i alle Norconsult sine modellar er lagt opp til at Firda skal bli den einaste skulen i fylket som har tilbod for media og kommunikasjon og idrett.

Jenny Følling, fylkesvaraordførar

EIN AV DEI SISTE: For Senterpatiet og Jenny Følling vil Frp sin modell vere ein av dei siste som blir aktuell.

Foto: Arne Stubhaug / NRK
Norunn Lunde Furnes

FORSTÅR IKKJE: Heller ikkje Norunn Lunde Furnes i Krf jublar for Frp sin skulemodell.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Vi ønskjer å halde oppe desse linjene på fleire skular, seier Djuvik som i staden altså vil leggje ned den eldste vidaregåande skulen i Sogn og Fjordane.

– Vi meiner skulen ligg såpass sentralt og nært til andre skuletilbod at det er meir fornuftig å fjerne Firda vgs., enn å tappe skulane i Stryn og i Måløy, seier Djuvik.

Lite aktuelt for Senterpartiet

Forslaget om å leggje ned den 90 år gamle vidaregåande skulen på Sandane får Senterpartiet og Jenny Følling til å reagere.

– For det første er det investert alvorleg mykje ved denne skulen. Det er mange spesiallinjer som elevar frå heile fylket har tradisjon for å gå på.

– Dette er ein av dei siste modellane ein bør vurdere, seier Følling.

Forstår ikkje motivasjonen

NRK har snakka med representantar for Venstre, KrF, SV og Høgre. Også dei er skeptiske til Frp sin skulemodell. Norunn Lunde Furnes i KrF stiller spørsmål ved Frp sin motivasjon for kuttforslaga.

– Eg er litt forundra over Frp sin modell med leggje ned Firda vidaregåande skule. Dette er ein skule med gode resultat og gode tradisjonar.

– Ein kan jo begynne lure på om det er fordi Frp ikkje har så mange veljarar i dette området at dei kjem med ein slik modell, seier Lunde Furnes.