Hopp til innhold

Kritisk til idrettskutt i Sogndal

– Det er fullstendig bak mål å leggje ned idrettsutdanninga ved den vidaregåande skulen i Sogndal. Det seier fotballpresident Yngve Hallèn.

Yngve Hallén

KRITISK: Fotballpresident Yngve Hallèn er kritisk til framlegget om å leggje ned idrettsutdanninga i Sogndal.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Eit konsulentselskap føreslår å leggje ned idrettsudanningane i Sogndal, Stryn og Florø, og vil samle alt på Sandane .

– Sett i lys av det sterke fagmiljøet ved idrettsutdanninga ved Høgskulen i Sogndal og alle dei topp moderne idrettsanlegga i Sogndal, er forslaget uforståeleg, seier Hallèn.

– Dersom Sogn og Fjordane skal vere eit framtidsretta fylket, der ein skal nytta kompetanse og samarbeide, for å få best mogleg løysingar også for ungdomen, så vil ikkje dette forslaget stå.

Elevtalet går ned

Medan Sogn og Fjordane berre har litt i overkant av 100.000 innbyggjar, er det heile 13 vidaregåande skular i fylket. På same tid går elevtalet kraftig nedover.

Dette er bakgrunnen for at fylkeskommunen har leigd inn konsulentselskapet Norconsult, som mellom anna går inn for å sentralisere all idrettsutdanning ved Firda vidaregåande skule på Sandane.

Norvall Nøringset

LEIAR: Norvall Nøringset (SV).

Foto: Vegar Erstad / NRK

– Kor blir det ikkje protestar med dei forslaga som no er komne på bordet? Slik kommenterte SV-politikar Norvald Nøringset, leiar i hovudutval for opplæring forslaget om å samle all idrettsutdanning på Sandane.

– Uforståeleg

Idrett på høgskulen i Sogn og Fjordane er spydspissen, seier Hallèn.

– Difor tykkjer eg det er rart at ein ikkje har lyst til å nytte det kompetansemiljøet som staten då har i Sogn og Fjordane.