Hopp til innhold

– Eg synes det er kjempetrist

I 20 år har Ingunn Eikås frå Jølster vore frisørlærar i Høyanger. No er skulen føreslege nedlagt og faget hennar føreslege flytta. Det er kjempetrist, meiner Eikås.

Ingunn Eikås har vore frisørlærar i 20 år

TRIST: Etter 20 år som frisørlærar står Ingunn Eikås no i fare for å miste jobben.

Foto: Lars Jonas Pedersen

– Det er veldig behageleg å vere her. Elevane konsentrerer seg, jobbar og er aktive heile tida.

Det seier frisørlærar Ingunn Eikås. Ho står midt i eit klasserom som minner meir om ein frisørsalong.

– Kjempetrist

Her inne står 14 ivrige elevar på rekke og rad med kvar si modelldukke. Lyden av sakser, hårfønarar og kammar fyller det store rommet.

I 20 år har Eikås vore frisørlærar. Og det på ein skule som har hatt frisørlinje sidan 1969. Men snart kan det vera slutt.

– Eg synest det er kjempetrist. Det har vore ein veldig flott, trygg og stabil arbeidsplass med veldig godt miljø, seier Eikås.

– Det er heilt tragisk

Høyanger vidaregåande skule har i over 40 år lært vekk frisørkunstar til lærevillige elevar. No er linja truga av kutt i skulestrukturen i fylket.

I rapporten som Norconsult har utarbeidd, er nedlegging av skulen lagt fram som forslag i alle dei tre modellane. Frisørlinja vert flytta til Nordfjordeid. Det reagerer elev Line Kvist Breilid sterkt på.

– Eg synest det heilt tragisk og for å vere heilt ærleg trur eg ikkje det kjem til å bli like bra nokon annan stad. Vi har heilt fantastiske lærarar, dei har mykje å seie for korleis klassemiljøet blir, kva du lærer og korleis ein har det på skulen. Eg trur ikkje det kjem til å bli like bra, seier Breilid.

Vil vurdere nøye

20 år i læraryrket gjer at Ingunn Eikås ikkje ser for seg å gjera noko anna. Men å flytte etter frisørlinja til Nordfjordeid er ho likevel usikker på.

– Eg veit eigentleg ikkje, eg er aleine med to gutar og å flytte vekk frå all familie som eg treng i kvardagen kan bli vanskeleg. Det må eg i så fall tenke veldig grundig gjennom, fortel frisørlæraren.

Ho har sjølv lang erfaring som fagforeiningsleiar og stolar no på at politikarane forstår verdien av å halde oppe den vidaregåande skulen i industristaden.

– Eg ser ikkje så veldig mørkt på det enda, for det er berre ein rapport. Eg håpar jo at vi får meir svar etter kvart. Eg har jo sett føre meg at eg skulle jobbe her til eg ein gong går av med pensjon.

– Kom som eit sjokk

Rektor ved skulen, Ottar Hjetland, har lenge jobba for å tilpasse skulen til ei ny tid, mellom anna med eit nært samarbeid med grunnskulen i Høyanger. Han tykkjer lite om konsulentane sine forslag til ny skulestruktur.

– Det var heilt uventa for meg, eg fekk eigentleg eit sjokk. Eg hadde aldri trudd at ein skulle kome med forslag på å leggje oss ned, seier Hjetland.

– Over 40 år med frisørlinje, er det forståeleg at dette kan bli flytta?

– Det er så mykje eg ikkje forstår i dette her. Det skal bli vanskeleg å finne grunngjevingar kvifor dette skulle vere fornuftig, meiner rektoren ved den nedleggingstruga skulen.