40 000 kvadratmeter med skulebygg kan vera overflødige

Dei siste åra har fylket bygd vidaregåande skular for om lag éin milliard kroner. 40 000 kvadratmeter av skulebygga kan vera overflødige.

Stryn vidaregåande skule

FØRESLÅTT NEDLAGD: Stryn vidaregåande skule er ein av skulane som er føreslått nedlagd i rapportane til Norconsult.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Om ein hadde tatt denne debatten på eit tidlegare tidspunkt so hadde nok ein del av dei investeringane me har gjort, blitt skubba på, seier Frank Willy Djuvik, fylkesleiar i Framstegspartiet.

Alt for mykje areal

Frank Willy Djuvik (Frp)

– SKULLE GJORT DET TIDLEGARE: Frank Willy Djuvik (Frp) meiner skuledebatten burde blitt tatt tidlegare.

Foto: Oddleif Løset/NRK

Etter årevis med utbygging, vurderer no fylkeskommunen å legge ned opptil sju av dei vidaregåande skulane i fylket.

Allereie no har skulane vel 30 000 kvadratmeter for mykje areal, i fylgje standardberekningane i Norconsult sin rapport.

– Tidlegare har det berre vore Frp og SV som har ønska å ta ein strukturdebatt. Dei andre partia kjem no når dei blir tvungne til det, seier Djuvik.

Elevnedgang

Elevtalet i den vidaregåande skulen er venta å gå kraftig ned dei kommande åra. I perioden 2012 til 2016 er det venta ein nedgang på 200–300 elevar. Fram til 2024 er nedgongen venta å vere mellom 400 og 600 elevar.

Fylkeskommunen ventar å få mellom 45 og 90 millionar kroner mindre til vidaregåande opplæring fram til 2024.

I Norconsult sin modell nummer tre, som råkar skulane hardast, er det føreslått å leggje ned sju av dei 13 vidaregåande skulane. På kort sikt blir Årdal, Luster, Dale og Mo og Jølster avdeling Jølster føreslått lagt ned på kort sikt, medan også Stryn, Høyanger er føreslått nedlagt på lengre sikt. I tillegg blir tilboda i Måløy føreslått redusert og skulen lagt inn som ei avdeling under Eid vgs.

På Stryn vidaregåande skule har dei fått to nye skulekjøken til estaurant og matfag-linja. Eit av dei er allereie stengt, fordi sviktande søkjartal gjer at dei berre har éi klasse – av fire moglege.

– Her er alt utstyret ein kan tenkje og ønskje seg, seier administrasjonssjefen ved Stryn Vidaregåande skule, Randi Bjørset.

Éin milliard sidan 2005

Fylkeskommunen har investert nesten éin milliard på nye skular sidan 2005. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes vedgjekk før helga at ein ikkje tenkte på fallande elevtal då vedtaka vart gjorde.

Skulane har i dag driftskostnader på bygningssida som samla kjem på 189 millionar kroner.

Djuvik seier at når Framstegspartiet skal bestemme seg, vil det ikkje ha avgjerande betydning kva skular som er nye eller gamle.

– Me skal tenkje på at dette er ein framtidig skulestruktur som skal vare i mange tiår, og då kan ein ikkje la der ein har investert eller ikkje investert, vera førande for det endelege utfallet.