Hopp til innhold

Fryktar ny fogderistrid i skulesaka

Ordførar Petter Sortland er opprørt over forslaga om å legge ned Høyanger vidaregåande skule. No fryktar han at fogderistriden igjen skal blusse opp.

Petter Sortland og Erling Sande

IKKJE IMPONERT: Høyanger-ordførar Petter Sortland (t.h.) er ikkje imponert over rapporten. Han lovar å slåst for den vidaregåande skulen i kommunen. Her er ordføraren i samtale med Erling Sande i ein annan samanheng.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Norconsult la i går fram forslag til ny skulestruktur på bakgrunn av fallande elevtal. Skulen i Høyanger er ein av fleire som kan bli lagd ned.

– No skal vi jobbe beinhardt politisk framover for å motargumentere for det som ligg i rapporten. Eg skal bruke det politiske nettverket eg har i fylket og elles for å kjempe for den vidaregåande skulen vår i Høyanger, seier Petter Sortland (Ap).

Skulen som har blitt renovert for 40 millionar kroner, har i dag 200 elevar og 55 tilsette.

Tilrår dramatiske kutt

Elevtalet i den vidaregåande skulen er venta å gå kraftig ned dei kommande åra. I perioden 2012 til 2016 er det venta ein nedgang på 200–300 elevar i Sogn og Fjordane. Fram til 2024 er nedgongen venta å vere mellom 400 og 600 elevar.

Rapporten om skulestruktur som Norconsult la fram tysdag, viser dei til tre ulike modellar for korleis strukturen i fylket kan bli i framtida.

Alle modellane legg opp til drastiske kutt. Luster, Høyanger og avdelinga i Jølster ved Mo og Jølster vidaregåande er mellom skulane som står på kuttlista i alle dei tre modellane som fylkespolitikarane no får på bordet.

Sterke reaksjonar

Dette har vekt sterke reaksjonar både hos rektorar og elevorganisasjonen, som mellom anna fryktar at mange fleire må bu på hybel. Heller ikkje Sortland er ikkje imponert over innhaldet i rapporten.

– Det er forstemmande at vi er lagde ned i alle tre alternativa. Eg har sett på konsulentrapporten og eg blir ikkje akkurat imponert. Ein av føresetnadene er at skulebygget skal seljast, og då kan eg opplyse om vi ikkje er på jakt etter ny skule, seier Sortland

– Er dei flinkare å køyre buss enn andre?

Sortland tykkjer det er merkeleg at det berre er elevtal og kostnader som blir lagt vekt på, og ikkje samfunnsstruktur og samfunnsutvikling. Han trur sjansen for at skulen skal overleve, er stor.

– Høyanger vidaregåande skule har 200 elevar. Kvar skal dei elevane gå? Skal dei pendle til Førde? Rapporten seier det er «lett» for elevar her å pendle. Eg forstår ikkje kva bakgrunnen for det er. Er dei flinkare til å køyre buss enn andre elevar? Kva er det som gjer at Høyanger-elevar skal vere så lette å flytte på, spør han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Høyanger vidaregåande skule

PÅ KUTTLISTA: Høyanger vidaregåande skule kan forsvinne i framtida.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi har fått vår del av nedturar

Det er 65 kilometer til Førde og Sortland seier det betyr at elevane må bu på hybel.

– Så vidt eg veit er kapasiteten sprengd i Førde. Vi har også flinke elevar frå Høyanger som søkjer i Førde. Dermed vil elevane der ut på den same galeien rundt om i fylket, seier Sortland.

Ordføraren meiner Høyanger har fått sin del av nedturar siste året. Hundrevis av arbeidsplassar har forsvunne både ved Hydro og Fundo.

– Og no skal vi også få dette i ansiktet. Vi er den tiande største kommunen i fylket, og dersom dei vil rasere ein kommune, må dei gjerne leggje ned skulen.

Fryktar fogderistrid

Sortland seier han er glad for at fylkeslaget til Arbeidarpartiet har programfesta desentralisert skulestruktur i programmet sitt.

– Det har også fleire andre parti gjort. Når alt kjem til alt, skal det bli godt å ha politiske vener rundt omkring.

– Fryktar du at dette kan bli ein ny strid som splittar fylket, slik som helsestriden har gjort?

– Ja, når ein høyrer på ein del av det som allereie er sagt. Vi er den einaste skulen i lag med Mo og Jølster og Luster som er føreslegen lagt ned, så ein treng ikkje vere rakettforskar for å forstå at vi ligg dårleg an. Men det betyr ikkje at det ikkje skal kjempast, seier Petter Sortland.

– Ikkje tent med ny strid

Liv Signe Navarsete
Foto: Trond Vestre / NRK

Kommunalminister Liv Signe Navarsete håper at Sogn og Fjordane kan unngå ein ny fogderistrid.

– Det er umogleg for meg å spå om dette utløyser ein ny strid, men eg trur for fylket sin del at vi må unngå det. Det som har skjedd på helsesida, har ikkje tent dette fylket. Mi oppmoding er å unngå ein ny slik strid. Det er berre skadeleg for alle.

– Bør alle ordførar og politikarar ha dette i bakhovudet når dei kjempar for seg og sine?

– Når eg sit i Oslo og ser utviklinga i Sogn og Fjordane samanlikna med andre fylke, så er det noko som er viktigare enn alt, og det er å konsentrere seg om vekst. Det må bli ei semje frå den ytste øy til den inste fjord, at no skal vi vekse.

Navarsete seier ho ikkje har lese rapporten om skulestruktur, men at ho har høyrt om dei ulike alternativa.

– Det er fylkestinget som må ta den diskusjonen. Min jobb er å passe på at økonomien i kommunesektoren, er slik at det går an å halde oppe mest mogleg av tenestene. Men det er til sjuande og sist fylkestinget som avgjer, seier ho.

Forstår Sortland

Ho meiner at elevorganisasjonen har gode argument når det gjeld frykta for at fleire må bu på hybel. Dette meiner Navarsete politikarane må ta med seg vidare i diskusjonen.

Navarsete som også er partileiar i Senterpartiet, forstår også godt at Petter Sortland vil bruke nettverket sitt for å hindre nedlegging.

– Vi i Senterpartiet ønskjer også desentraliserte løysingar og er veldig skeptiske til sentralisering, om det er skular eller andre ting. Eg er rimeleg trygg på at Senterpartiet vil gjere det dei kan for å finne løysingar som tek vare på dei mindre skulane, seier Navarsete.