Hopp til innhold

Elev-leiar fryktar store konsekvensar av skulekutt

Leiar i Elevorganisasjonen i Sogn og Fjordane, Anna Sleppen, meiner framlegga frå Norconsult om ny skulestruktur er langt over kanten.

Anna Njøs Sleppen

REAGERER STERKT: Leiar i Elevorganisasjonen i Sogn og Fjordane, Anna Sleppen, er sterkt kritisk til Norconsult-rapporten.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Elevorganisasjonen i Sogn og Fjordane meiner at ingen av alternativa i rapporten fra Norconsult er gode nok for elevane i fylket.

– Vi risikerer at fleire må flytte på hybel, og dermed eit auke i elevar som fell frå vidaregåande opplæring, seier Sleppen.

– Radikale forslag

I rapporten om skulestruktur som Norconsult la fram i dag viser dei til tre ulike modellar for korleis strukturen i fylket kan bli i framtida. Alle modellane legg opp til drastiske kutt.

– Dette er radikale forslag. Eg er bekymra for at desse tiltaka kan føre til at fleire elevar må flytte på hybel for å kunne få den utdanninga dei ynskjer seg. Det vil føre til at ungdom må flytte lengre vekk frå familie og vennekrets, og bu aleine i svært ung alder, seier elev-leiaren.

Elevorganisasjonen i Sogn og Fjordane er klare på at det må leggast til rette for ein desentralisert struktur som let elevane gå på skule i sitt nærområde.

– Mistrivsel

Representantar for elevråda i fylket har i møter med Elevorganisasjonen gitt klart uttrykk om at dei ynskjer ein struktur der elevane kan få den utdanninga dei ynskjer utan å måtte flytte på hybel.

– Det er viktig at elevane ikkje må reise langt heimefrå for å gå på skule. Konsekvensane av å flytte på hybel i så ung alder kan vere mistrivsel, mangel på motivasjon, og økonomiske problem, som etter kvart kan føre til auka fråfall i vidaregåande opplæring, seier Sleppen.

Vil ha hybelhus

Elevorganisasjonen i Sogn og Fjordane er spent på kva fylkespolitikarane kjem til å bestemme seg for når saka skal behandlast i juni neste år.

– Vi ser fram til gode diskusjonar med politikarane, og håpar at omsynet til elevane veg tyngst, seier Sleppen.

Dersom politikarane skulle vedta skulekutt, meiner Sleppen at ein snarast må setje i gang arbeidet med å skaffe fleire hyblar i dei største tettstadane.

– Eit godt alternativ vil då vere å byggje hybelhus, meiner elevleiaren.