Hopp til innhold

Fryktar politireform skal gi lengre responstid

Kommunane fryktar lengre responstid for politiet i fylket. Allereie til hausten startar den nye politimeisteren det omstridde arbeidet med å slå saman lensmannskontor i Sogn og Fjordane.

Petter Sortland, Kaare Songstad, Liv Signe Navarsete

POLITIREFORM: Fredag møttest blant anna regionrådsleiar i Sogn, Petter Sortland, politimeister Kaare Songstad og Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp) for å diskutere kva politireforma får å seie for Sogn og Fjordane.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– For oss i Sogn og Fjordane politidistrikt så er det viktig å seie noko om responstid, seier Petter Sortland, som er regionrådsleiar i Sogn.

Det sentrale kravet om responstid er at politiet skal nå 90 prosent av innbyggarane innan 45 minutt. I Vest politidistrikt er det i dag over 600 000 innbyggarar. Dermed meiner Sortland at ein kan klare kravet med Bergen i dag.

– 90 prosent av 600 000 er 500 000 så dermed så er ein i boks. Men for oss i det gamle Sogn Fjordane så er det ikkje godt nok, seier Sortland.

Særstilling

Sortland meiner Sogn og Fjordane er i ei særstilling i det nye Vest politidistrikt.

– Fordi vi er eit grisgrendt fylke, og det er lang responstid når politiet skal ut på ulukker i vårt fylke. Vi må ha noko som er meir likt den strukturen vi hadde med lensmannskontor tidlegare, seier Sortland.

Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete frå Senterpartiet deler uroa til Sortland

– Det er alltid slik at djevelen ligg i detaljane, seier Navarsete.

Ho er oppteken av kommunane no må vere på hogget og nytte seg av invitasjonen til samarbeid, som er komen frå den nye politimeisteren. Ho meiner det også er svært viktig å ta vare på det tverrfaglege samarbeidet ein her i fylket har fått til mellom dei ulike naudetatane.

– Det må ikkje svekkast, vi må ikkje kaste barnet ut med badevatnet i den omorganiseringa som no skjer, seier Navarsete.

Beroligar

Fredag la politimeister Kaare Songstad fram planane for korleis omorganiseringa skal skje. Kommunane i Sogn og Fjordane skal bli tekne med på råd, forsikrar Songstad.

– Vi skal i alle fall ikkje bruke statistikken slik Sortland fryktar. Det kan eg i alle fall love, seier Songstad.

Han ser for seg at dei frå politihald skal greie ut saka i løpet av våren/sommaren, tidleg haust. Delvis parallelt med det, set dei i gang ein prosess med kommunane, som gjer at dei får tatt vare på dei innspela som kjem der.

– Så må vi ikkje gløyme at dette er ei nærpolitireform, sjølv om mange har harselert med uttrykket. Poenget er å lage eit betre politiet også for folk i Sogn og Fjordane. Det er no vi saman skal lage løysingar som gjer at folk i etterkant ser at, ja, dette vart faktisk betre, vi fekk ei kortare responstid. Og vi fekk meir politi på bakken der vi bur, seier Songstad.