Hopp til innhold

Håpar politimeisteren gjer ord til handling

– Det tyder på at dette er ein bra mann som vil gjere ein god jobb for politidistriktet. Det seier ein av dei største skeptikarane til politireforma, Jørn Lasse Førde Refsnes, om den nye politimeisteren i region Vest.

Politiadvokat Jørn-Lasse Førde Refsnes

ORD TIL HANDLING: Tillitsvald for politijuristane i Sogn og Fjordane, Jørn Lasse Førde Refsnes, håpar den nye politimeisteren gjer ord til handling.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Som tillitsvald for politijuristane i Sogn og Fjordane har Førde Refsnes vore ei tydeleg stemme i diskusjonane rundt politireforma.

Frå nyttår vart Sogn og Fjordane del av politidistrikt Vest. Tysdag ønskte politiadvokaten den nye politimeisteren, Kaare Songstad, velkommen.

– Eg ventar og håpar at han gjer alvor av dei fine ambisjonane han seier han har, nemleg å ta heile politidistriktet i bruk, og at det ikkje blir ei utarming av fagmiljøa ute i distriktet, seier Førde Refsnes.

Motvilje og protestar

Det har vore stor motvilje og mange protestar til omorganiseringa av politiet. Men talet politidistrikt i Norge er no redusert frå 27 til 12.

Førde Refsnes har frykta negative konsekvensar av ei slik sentralisering.

– Eg fryktar ei større eining vil føre til ei utarming av fagmiljøet. Eg fryktar det blir oppretta einingar i Bergen som er rigga for å handtere vanskelege saker, så blir det opp til politiet i Sogn og Fjordane å handtere dei mindre sakene. Dette vil medføre rekrutteringsproblem, sa politiadvokaten til NRK.no i februar i fjor.

– Håpar å sjå handling

Då politimeister Kaare Songstad i går møtte dei tilsette i politiet i Florø gjekk han langt i å love dei ein rimeleg bit av kaka i det nye politidistriktet.

Tillitsvald for politijuristane, Jørn Lasse Førde Refsnes, er nøgd med det han høyrde.

– No skal han få tid på seg til å jobbe med dette. Ingenting vil skje over natta. Vi følgjer med, og håpar å sjå handling i den retning som han gir uttrykk for.

I fem dagar har Sogn og Fjordane og det meste av Hordaland vore eitt politidistrikt, - under den nye politimeisteren Kaare Songstad. Og i dag var han på besøk i Florø. Og han vil fleire politifolk ute i distrikta.

SJÅ TV-SAK: Politimeister Kaare Songstad var tysdag på besøk i Florø for å helse på politifolk i Sogn og Fjordane.

Føler ting har endra seg

I haust fortalde fylkesleiaren i Politiets Fellesforbund at uvisse om framtida har ført til at fleire tilsette har slutta eller søkt seg vekk frå fylket.

Førde Refsnes seier han ikkje opplever stor uro i politidistriktet no.

– Vi har sett dette kome lenge, og vi opplever også at argumentasjonen og retorikken har endra seg litt sentralt.

Mellom anna opplever han at dei har fått gehør for at ein ikkje berre må vere opptekne av store, sentraliserte einingar, men at ein også i framtida må ta heile distrikta i bruk.

– Føler du har du har blitt høyrt?

– Det veit eg ikkje, men vi har gitt tydelege beskjedar. Så kan ein håpe at sjølv om det ikkje har ført til vedtak om at politidistriktet får bestå, så har dei innsett kva som er frykta og motargumenta, og slik sett forsøker å motverke at det blir ein realitet.