Hopp til innhold

Frp med eigen skulemodell - Firda vidaregåande skule kan bli lagt ned

Frp har no laga sitt eige forslag til korleis skulestrukturen i fylket skal vere i framtida. Der blir dei vidaregåande skulane Dale, Luster og Firda føreslått nedlagde.

Frank Willy Djuvik (Frp)

FJERDE FORSLAG: Framstegspartiet og Frank Willy Djuvik har laga eit fjerde modellforslag til korleis den framtidige skulestrukturen i Sogn og Fjordane skal vere.

Foto: Oddleif Løset/NRK

Fylkesleiar Frank Willy Djuvik i Framstegspartiet seier dei har tenkt litt annleis enn Norconsult, og at han har håp om at også deira forslag blir utgreidd vidare.

Forslaget inneber at Dale VGS, Luster VGS og Firda VGS blir nedlagde, medan Mo og Jølster vidaregåande skule blir ei avdeling under Øyrane VGS i Førde.

– Vi veit at vi må gjere strukturelle grep for å hindre at vi frå ein B-skule i Sogn og Fjordane i forhold til resten av landet, seier Djuvik til NRK.no.

Politikarane må kutte

For nokre veker sidan kom rapporten som fylkespolitikarane har vente på. Konsulentselskapet Norconsult har sett nærare på den vidaregåande skulestrukturen i Sogn og Fjordane og presenterte tre ulike modellar for korleis å kutte.

Elevtalet i den vidaregåande skulen er nemleg venta å gå kraftig ned dei komande åra. I perioden 2012 til 2016 er det venta ein nedgang på 200–300 elevar. Fram til 2024 er nedgongen venta å vere mellom 400 og 600 elevar.

Fylkeskommunen ventar å få mellom 45 og 90 millionar kroner mindre til vidaregåande opplæring fram til 2024 – kutt i skulane er dermed noko som er tvingande nødvendig.

Felles for alle dei tre modellane til Norconsult er at Luster, Høyanger og avdelinga i Mo og Jølster blir lagde ned.

Debatten har i etterkant rasa, og både elevar, lærarar, politikarar, næringsliv og andre har engasjert seg for å få behalde det tilbodet som står deira hjerte nærast.

Meiner påbygg er eit viktig tilbod

Frank Willy Djuvik som er fylkesleiar i Framstegspartiet kunne på NRK fredag ettermiddag fortelje om modellen hans parti har laga for skulestrukturen. Djuvik seier dei veit at noko må gjerast.

– Gjer vi ingenting vil det øydelegge kvaliteten på den vidaregåande skulen i Sogn og Fjordane, så vi må gjere noko, seier han.

Kort oppsummert går Frp sitt forslag ut på at Dale, Luster og Firda VGS blir lagde ned, medan avdelinga på Mo og Jølster blir lagt under Øyrane VGS i Førde.

Djuvik seier dei har gjort fleire vurderingar om kvifor det må bli nettopp slik. Mellom anna meiner han at det er viktig å behalde tilboda om allmennfagleg påbygging.

– Vi ser at vi ikkje har læreplassar i Sogn og Fjordane, og vi meiner at det er feil å først kutte i påbygg, for så at elevane skal bli ståande utan moglegheit for utdanning ved at dei manglar læreplass, seier Djuvik.

Vil ha idrett og medielinjer ved fleire skular

I tillegg meiner Frp at det er ein svakheit ved modellane til Norconsult at ein gjer slik at media og kommunikasjon, og idrett, blir linjer som berre finst ved ein skule.

– Vi ønskjer å halde oppe desse linjene på fleire skular.

I forhold til HAFS-regionen seier Djuvik at dei meiner det er behov for ein vidaregåande skule i denne regionen.

– Men den viktigaste utdanningsretninga må vere i Høyanger, der har ein tilgang på læreplassar og det er behov for den type yrkesretta utdanningar, seier Djuvik som fortel at dei difor ønskjer å halde oppe den vidaregåande skulen i Høyanger.

(Artikkelen held fram under biletet)

Firda vidaregåande skule (og Trivselshagen) på Sandane.

KAN BLI LAGT NED: I Frp sitt forslag er Firda vidaregåande skule på Sandane føreslått nedlagt.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Vil leggje ned på Sandane

I forhold til nedlegginga av Firda vidaregåande skule, den eldste vidaregåande skulen i fylket, seier Djuvik det slik.

– Vi meiner skulen ligg såpass sentralt og nært til andre skuletilbod at det er meir fornuftig å fjerne Firda vgs., enn å tappe skulane i Stryn og i Måløy, seier Djuvik.

Djuvik meiner det vil vere mogleg for lærarar ved skulen på Sandane å jobbe ved dei andre vidaregåande skulane i regionen.

– Vi må sjå på framtida og ikkje på fortida når vi skal velje skulestruktur for framtida.

– Det er kort veg for lærekreftene på Firda til å kunne jobbe på Eid, i Stryn og for så vidt også i Førde, seier han.

Vil at modellen skal utgreiast

Det er førebels ikkje utgreidd kva følgjer modellane som Norconsult la fram vil få. Det er planutvalet i fylkeskommunen som 7. november tek stilling til kva modellar som skal konsekvensutgreiiast.

I mars og april neste år legg fylkesutvalet opp til ein høyringsprosess i saka. Denne skal avsluttast i siste halvdel av april. Saka skal slutthandsamast politisk i mai og juni 2013.
Djuvik håpar no også at denne fjerde modellen frå Frp skal bli utgreidd vidare.

– Når vi skal handsame dette er det viktig at vi har fleire modellar å velje mellom. Alt vi gjer vil få konsekvensar og konsekvensane går over i kvarandre, seier han.

– Trur du at dokke får gjennomslag?

– Eg håpar at vi i første omgang skal få utgreidd konsekvensane av vår modell. Vi meiner det er fornuftig å ha eit breiast mogleg grunnlag når politikarane skal fatte eit vedtak.