Hopp til innhold

Fryktar færre vil velje helsefag

Dersom det berre blir nokre få vidaregåande skular i fylket som kan tilby utdanning innan helsefag, kan det føre til store problem for kommunane. Det fryktar både politikarar og Fagforbundet.

Pasient

STORT BEHOV: Allereie i dag er det mange kommunar som slit med å rekruttere helsefagarbeidarar. Om det berre blir nokre få skular i fylket som tilbyr denne utdanninga vil problemet bli større, fryktar både politikarar og Fagforbundet.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Behovet for helsefagarbeidarar er nemleg stort rundt om kring i kommunane. Men no fryktar fleire for framtida, og meiner ei sentralisering av studietilbodet vil føre til at mange ungdomar vel vekk denne studieretninga.

Om folk må flytte på seg for å kunne gå helsefag, vil dei heller bli buande heime og ta ei anna utdanning, meiner Norvall Nøringset.

Han er leiar for hovudutval for opplæring og seier dette er noko dei må ta på alvor.

– Det å samle denne utdanninga på færre plassar gjer det mykje vanskelegare for mange kommunar å få sine ungdomar til å ta denne utdanninga, seier Nøringset til NRK.no.

Føreslår dramatiske kutt

Elevtalet i den vidaregåande skulen i Sogn og Fjordane er venta å gå kraftig ned den kommande åra, og fylkeskommunen får difor mindre pengar å bruke på vidaregåande skule.

Dei har difor bede Norconsult sjå på moglege alternativ for korleis å kutte i skulestrukturen. Rapporten vart lagt fram på tysdag og hadde tre forskjellige modellar for korleis skulestrukturen skal vere i Sogn og Fjordane i framtida.

Frå ni til fire studiestader

Ut frå rapporten kan helsefagtilbodet i verste fall bli sentralisert til Sogndal, Førde, Florø og Eid. I dag har ein tilbodet ved ni skular.

Nøringset viser til at behovet for utdanna helsefagarbeidarar er stort. Allereie i dag er det mange kommunar som har problem med rekrutteringa.

– Dette har samanheng med alderssamansetninga, med samhandlingsreforma og fleire andre ting. Behova er store, seier Nøringset.

(Artikkelen held fram under biletet)

Norvall Nøringset

DESENTRALISERT: Norvall Nøringset meiner helsefag er det faget som vere mest desentralisert.

Foto: Vegar Erstad / NRK

– Bør vere desentralisert

Han meiner situasjonen i kommunane er slik at nær kvar tredje ungdom burde utdanne seg innan helsesektoren.

Det bør også gjere til at studietilbodet er det faget som er mest desentralisert, meiner han.

– Eg ser ikkje vekk frå det. Samtidig må vi heve statusen for yrket, seier leiaren i hovudutvalet for opplæring.

– Det vil vere totalt øydeleggjande

Solveig Løvik Norevik

UROA: Solveig Norevik i Fagforbundet fryktar for følgjene av skulekutta innan helsefag.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Leiar i Fagforbundet i fylket, Solveig Norevik, er heilt samd med Nøringset.

– Ei sentralisering vil vere totalt øydeleggjande, seier Norevik.

I tillegg til frykta for at unge vel bort helsefag til fordel for utdanningar der dei kan bu heime, ser også Norevik at problemet blir stort også for unge etablerte som vil ta helsefag.

– Vi snakkar om at vaksne ungdomar som bur i desse områda kan bli råka. Vi må ha eit tilbod i fylket som er desentralisert, seier ho.

– Må rekruttere

Hordaland er inne i same diskusjonen om vidaregåande skule som Sogn og Fjordane. Konsulentrapporten deira føreslår også sentralisering av helsefaget, men også der tenker politikarane annleis, fortel Nøringset.

– Dette er nettopp fordi alle kommunane må rekruttere helsefagarbeidarar til dei jobbane som dei skal utføre i framtida.