Hopp til innhold

– Eg handla på autopilot, det viktigaste var å ta ungane og kome seg ut

OLDEN/LOEN (NRK): Då flaumen kom, stod Fride Sølvberg i Olden klar med thermodressen for ungane.

Fride Sølvberg, Olden

AUTOPILOT: Fride Sølvberg og sonen Simon måtte ta seg gjennom store vassmengder. Vatnet gjekk opp til knea.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Eg handla berre på autopilot. Det viktigaste var å ta ungane og kome seg ut, seier Sølvberg.

Ho og mannen Kenneth driv Nesset Fjordcamping, som slapp unna store skadar. Ho er glad for at dei kunne kome heim til trygg bustad att.

– Det er godt å sjå at ting står slik det gjorde før vi drog, seier ho.

Hans Petter Galtung blei evakuert i Olden

BLEI EVAKUERT: Hans Petter Galtung var ein av dei som måtte forlate heimen sin då vatnet steig raskt i Olden.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Hans Petter Galtung var også ein av dei som i all hast blei evakuert då vatnet steig søndag. Han meiner at slike vêrsituasjonar må ein vere meir budde på i framtida.

– Dette må vi berre vere meir budde på i framtida. Det ser ut som det kan vere ein normalsituasjon. Når det først tek laust med regn, så kjem det store mengder på ein gang. Verken rør eller ellers er ikkje dimensjonert for å ta imot dei store nedbørsmengdene, seier Galtung til NRK.

Måndag føremiddag var han tilbake på plass ved husa sine i Olden, etter at han og over tjue andre blei evakuert søndag kveld.

– Eg blei veldig forundra, for eg hadde aldri tenkt at det blei naudsynt å evakuere her. Vi følte at det blei gjort ein god jobb både av politiet, ordføraren og andre som hjelpte til. Eg følte at det blei takla på ein god måte, seier han.

Vurderer situasjonen i Olden måndag morgon

MYKJE STEIN: Entreprenørane var raskt på plass for å reparere skadane på vegane. Men fleire huseigarar fekk og øydelagt hagar, i tillegg til at ein del dyrka mark og beiteland vart øydelagt.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

– Alltid utfordrande

Litt over klokka 9 fekk han og dei andre beskjed om at situasjonen er under kontroll. Dei som har overnatta på hotell har blitt bussa heim.

– Det har vore ei synfaring på staden og det er vurdert at vegen kan opnast att. Dei evakuerte kan returnere til heimane sine, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Steinar Hausvik.

Anny Ness Birkeland.

HAGEN ØYDELAGT: Anny Ness Birkeland fekk øydelagt store deler av hagen i flaumen, men huset gjekkd det bra med.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

For ordføraren i Stryn, Sven Flo, blei det ei lang natt.

– Det er alltid utfordrande å stå oppe i ein slik situasjon, og for mange så kjem dette brått og brutalt. Eg har vore i kontakt med dei evakuerte gjennom heile hendinga, fortel ordførar i Stryn, Sven Flo.

– Det rann over alt

– Klokka 19 var det heilt roleg. Klokka 21 braka det laus. Då rann det over alt, over vegar. Elvane tok nye leie og rann inn i kjellarane til folk, sa innbyggjar Ragnheid Åsnes til NRK natt til måndag.

Ho var augevitne til at fleire elvane i Olden i Nordfjord søndag kveld gjekk over sine breidder og fann nye løp. Politiet måtte evakuere folk frå fleire hus og frå campingplassar på grunn av at Oldeelva og Simaelva fløymde over.

Folk som bur i Olden fortel at dei aldri har opplevd så mykje vatn, som det som kom søndag kveld.

– Det kom store steinar nedover med elva. Dei måtte bruke traktor for å brøyte vegen slik at bilane kunne kome forbi, sa Åsnes.

Flaum i Olden.

SYNFARER: NVE og politiet synfarer elveløpa før folk får flytte heim att.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

– Folk imponerer meg gang på gang

Ordførar Sven Flo er stolt over korleis innbyggjarane hans taklar vanskelege vêrsituasjonar.

– Innbyggjarane i Stryn imponerer meg gang på gang. Eg får tilbakemeldingar om at folk føler dette nervepirrande, seier Flo.

Politiet har vore på rekognosering i dei flaumråka områda i morgontimane og no ser situasjonen roleg ut.

Ordføraren slår fast at det er alltid utfordrande å handtere situasjonar som oppstår så raskt.

– Naudetatane har handtert dette på ein veldig god måte. Vi har hatt politi, brann og redning, helse og Sivilforsvaret inne no i natt for å sikre området.

Grov vekk vatnet

Silje Åsnes Skarstein i Olden

VATNET KOM FORT: Silje Åsnes Skarstein og familien opplevde at bekken bak husa raskt blei til ei frådande flaumelv som fann nye vegar.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Silje Åsnes Skarstein og familen blei ikkje evakuert, mykje takka vere stor innsats då dei såg at vatnet steig.

– Vi har ei lita elv som går bak nokre hus her der vi har kalvane våre. Eg reiste bort i sjutida for å sjekke om alt såg fint ut. Det gjorde det. Så sa eg til mannen min at han måtte stikke bort når han var ferdig i fjøsen. Då han kom bort tok det laust, fortel Skarstein.

Vatnet steig svært fort i bekkar og elvar i Olden og til alt hell hadde dei ei gravemaskin på garden. På den måten fekk dei greve opp marka og styrt vatnet vekk frå dei fleste husa i området, bortsett frå eit nabohus.

– Vi frykta for hus og eigedelar vi frykta skulle ta skade. Det var utruleg bra med brannvesen og politi. Folk følte seg godt tatt vare på, seier Skarstein.