Det var i 17-tida laurdag 14. april i år at
i Sogn og Fjordane. Arbeidsfolka hadde treft på gamalt sprengstoff som eksploderte under boringa.. Den eine var lettare skadd med smerter i eine foten. Den andre var uskadd.
Operasjonssentralen ved Vest politidistrikt i Bergen vart varsla like etter ulukka. Lokalt politi vart varsla i 22-tida. Først måndag ettermiddag, nær to døgn etter ulukka, kom politiet til staden.
- Les også:
– Denne type ulukker krev at vi er på staden så snart som råd for å sikre bevis og ta avhøyr med ein gong. Samtidig har eg forståing for at operasjonssentralen er ein veldig travel arbeidsplass og at det må vere rom for feilvurderingar også der, seier Hvattum.
Lensmannen meiner den nye politireforma, der operasjonssentralen i Florø var lagt ned, kan ha medverka til at lokalt politi ikkje vart varsla.
– Vi treng noko meir tid før operasjonssentralen i det store Vest politidistrikt fungerer etter intensjonane. Terskelen for å kalle ut lokalt politi bør vere lågare enn i dag, seier han.
Politisjef avviser kritikken
Einingsleiar ved Vest politidistrikt i Bergen, Morten Ørn, avviser kritikken frå Hvattum.
– Det var ingen personar på aktiv teneste i området før klokka 22. Då patruljen kom på vakt vurderte dei det slik at dei ville følgje saka opp først på måndag, seier Ørn.
Han legg til at meldinga operasjonssentralen fekk inn var at ein tunnelarbeidar hadde litt vondt i ein fot. Den andre hadde ingen skader.
– Vi fekk også opplyst at det var rydda og trygt i tunnelen, at arbeidet var avslutta og at det ikkje var trafikk der.
– Så du ser ingen grunn til å ta sjølvkritikk?
– Nei, sidan patruljen ikkje fann grunn til å gjere noko då dei kom på aktiv teneste, ser eg ikkje den store forskjellen om dei hadde vore der i 17-tida, seier Ørn.
– Men klokka 22 var vel ingen relevante personar lenger på åstaden?
– Nei, men det var fullt mogleg å vite kor dei heldt til. Dei polske arbeidarane kunne nåast på legevakta på Nordfjordeid.
– Men er det ikkje naturleg at politiet rykkjer ut med ein gong etter ei sprengingsulukke der det er skadde?
– Ikkje når ambulansen ikkje rykkjer ut, og det ikkje er alvorleg personskade. I alle fall ikkje når vi ikkje har personar på aktiv teneste og det kom folk på jobb seinare på kvelden.
– Så økonomien blir styrande?
– Økonomi er heile tida styrande. Hadde det berre vore politifaglege vurderingar som låg til grunn, så hadde det vere enkelt, seier han.
Lensmann Hvattum ønskjer ikkje å kommentere kritikken frå Ørn.