Hopp til innhold

Klar til å byrje arbeidet att etter sprengingsuhell på Stadtlandet

To polske arbeidarar hamna midt opp i ein eksplosjon då dei bora ned i gamal dynamitt på arbeidet på Strandanipatunnelen i Selje. No har politiet konkludert i saka.

Strandanipetunnelen

ALT KLART: Området der det var eit arbeidsuhell i Selje er klarert, og politiet har gitt klarsignal til at arbeidet kan halde fram.

Foto: Roger Gundersen

– Vi har gjort avhøyr av arbeidsfolka i dag, og vår konklusjon er at både dei og dei som har hatt ansvar for sprengstoffet har oversett dynamitten som låg der, seier Roger Gundersen i politiet i Vågsøy.

Det var laurdag ettermiddag at ein parson vart sendt til sjukehus med skader etter ei arbeidsulukke i Selje. Mannen vart sendt heim frå sjukehus, men var kraftig forslått.

Politiet har ikkje mistanke om at noko kriminelt har skjedd på arbeidsstaden.

– Det som har skjedd er at arbeidarane har kome borti dynamitten då dei bora, og det har utløyst ein eksplosjon.

Vil unngå at det skal skje igjen

Dynamitten som eksploderte låg nede i eit lite hol i fjellet, og var tydelegvis godt gøymt, sidan han ikkje var oppfatta av dei som var der.

No har politiet gitt klarsignal til at Vegvesenet kan halde fram med arbeidet sitt på Strandanipatunnelen.

– I dag har vi hatt møte og prøvd å finne ut korleis dette kan ha skjedd. Det gjeld å halde på rutinane, seier Gundersen.