Hopp til innhold

Skadd i arbeidsulukke

Laurdag ettermiddag blei ein person skadd under arbeid ved ein tunnel i Selje.

Kleiva Selje

Ulukka skjedde ved den nye Strandanipatunnelen mellom Årvik og Honningsvågen.

– Det har blitt bora i grunnen og dei har treft på gamalt sprengstoff, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt.

Politiet fekk melding om ulukka like før klokka 17 laurdag ettermiddag. Det var fleire personar som jobba på staden.

– To blei tekne med til legevakt for kontroll. Den eine er lettare skadd etter å ha fått steinsprut på beina. Den andre skal vere uskadd.

Arbeidstilsynet er no varsla, og politiet har oppretta sak.

– Arbeidet i tunnelen er stoppa til vi har vore på staden og undersøkt kva som har skjedd, seier Roger Gundersen som er innsatsleiar for politiet i Nordfjord.