– Det er ganske vemodig å skulle slutte, og at operasjonssentralen i Sogn og Fjordane no blir lagt ned, seier politibetent Per Rimmen.
Rimmen har jobba på operasjonssentralen i 33 år, og er ein av dei som no nyttar høvet til å gå av med pensjon.
Av dei kring 20 tilsette ved politiet sin base i Florø, er det berre ein som blir med på flyttelasset til Bergen. Blant dei resterande tilsette er det nokre som går av med pensjon, og nokre som skal halde fram med å jobbe i politiet, anten i Florø eller andre stader i fylket.
Det har vore bestemt ei god stund at politiet skulle omstrukturere, men Rimmen fortel at dei tilsette eigentleg ikkje har gjort noko stort poeng ut av det.
– Vi har gått på jobb som vanleg, og har haldt fram med dagens gjeremål, utan å tenkje så mykje på det som var bestemt.
TRIST DAG: Dei tilsette ved operasjonssentralen i Florø tykte det var ein litt trist dag i dag.
Foto: Bård Siem / NRKSkal verte styrt frå Bergen
Operasjonssentralen er den staden du kjem til om du ringer naudnummeret, og det er her ein styrer arbeidet til politiet i kvart politidistrikt. Etter at Hordaland og Sogn og Fjordane politidistrikt vart slått saman, har det vore kjent at dei to operasjonssentralane skulle samlast i Bergen.
No skal ein felles operasjonssentral ha ansvaret for dei meir enn 600 000 menneska som bur i begge fylka.
– Det trur eg kjem til å gå på ein fin måte. Vi er godt førebudd på å drive politiarbeidet i desse to fylka frå Bergen, seier politimeister i Vest politidistrikt Kaare Songstad.
HAR TRUA: Politimeister Kaare Songstad seier at politiet i Bergen er godt førebudde på flyttinga av operasjonssentralen i Florø.
Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRKHan fortel at den nye operasjonssentralen i Bergen vil vere både oppbemanna og oppgradert for å takle det nye ansvarsområdet.
– Mange kjensler i sving
Britt Brugrand er tillitsvald blant dei tilsette på operasjonssentralen. Ho har trua på at det framleis vil vere eit levedyktig politimiljø i Florø framover, men seier at det likevel er ein litt trist dag.
– Det er ein vemodig dag med mange kjensler i sving. Vi har likt oss godt her, og no skal gode kollegaer spreiast og få nye oppgåver.
Politiet har understreka at innbyggjarane i Sogn og Fjordane skal få like god hjelp av politiet som det dei får i dag. Politifolka i Florø seier at dei stolar på det.
– Eg er ikkje noko spåmann, men det er det som er løftet vi har gitt. Eg håpar berre at det løftet blir halde, seier Per Rimmen.