Hopp til innhold

Fem personar er sikta etter knivstikking

Ein mann melde om at fire ungdommar med finlandshette hadde knivstukke han i eit skogholt utanfor Gaupne sentrum i Sogn. Fem blei seinare sikta.

Knivstikking i Luster

VED SKOGHOLT: Ein mann skal ha blitt knivstukken i eit skogholt utanfor Gaupne sentrum.

Foto: Christian Blom

Det skal ha vore ein mann i 50-åra, som klokka 17.36, melde om at han var blitt knivstukken i hals og eit handledd.

Mannen melde at det var fire ungdommar iført finlandshetter som angreip han i eit skogholt utanfor Gaupne sentrum.

Fornærma har blitt varetatt av helsepersonell, og er sendt til Haukeland universitetssjukehus i helikopter.

Det er ukjent skadeomfang på pasienten.

– Det blei tidleg stadfesta av ambulansepersonell at fornærma var påført stikkskadar ved hals og på ei hand. Ut frå det vi nå veit skal pasienten vere påført skadane av ein eller fleire av ungdommane. Dei er alle i tidleg tenåra, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

Knivstikking i Luster

Eit område i skogen er sperra av etter knivstikkinga.

Foto: CHRISTIAN BLOM

Har sikta fem personar

Ifølge jourhavande, Elisabeth Morstøl, er fem personar sikta. Alle er mindreårige.

– På bakgrunn av meir informasjon har fem ungdommar blitt sikta for kroppsskade eller medverknad til kroppsskade, seier Morstøl til NRK.

Politiet har meldt at dei har gjort funn av kniven som skal ha blitt brukt.

– Vi vil jobbe med saka utover kvelden og gjennomføre sporsikring, åstadundersøking og avhøyr. Vi vil prøve å få oversikt over det som har skjedd. Vi ønsker å avhøyre fornærma når det lar seg gjere, seier Morstøl.

Advokat Ivar Blikra stadfestar til NRK at han er oppnemnt som advokat i saka, og skriv i ein SMS at han ikkje har nokon kommentar utover det.

Politiet melde rundt 22.00 at alle dei fem sikta er dimittert, og at sak blir oppretta.

Helikopter landar etter melding om knivstikking i Gaupne i Sogn

TIL SJUKEHUS: Mannen som melde om at han hadde blitt knivstukken blei sendt til Haukeland universitetssjukehus. Her er helikopteret på veg til å lande.

Foto: NRK

Barnevernet blei kontakta

Dei mistenkte skal ha sprunge frå staden.

Gode observasjonar frå innbyggarar gjorde at politiet raskt var i kontakt med det som truleg er ein av de mistenkte. Dette er ein gut i tenåra.

Familien hans blei varsla og dei møtte hos politiet. Barnevernet blei også varsla.

Klokka 19.41 melde politiet at dei hadde kontroll på alle ungdommane som skal ha vore til stades under hendinga.

Politiet melder at det er noko uklart kvifor hendinga skjedde.

Full utrykking

Fleire politipatruljar blei sendt mot Gaupne. I tillegg har ambulanse- og brannmannskap deltatt.

AMK rekvirerte redningshelikopter frå Florø, og dette landa i Gaupne rundt klokka 18.30.

Krimteknikarar frå politiet gjer vidare tekniske og taktiske undersøkingar på åstaden.

Politiet melde om hendinga klokka 18.37 på X.

ANGRIPEN: Ein mann skal ha blitt angripen i eit skoholt utanfor Gaupne i Sogn.

– Trist nyheit

Ordførar Andreas Wiese sa fredag kveld til NRK at kommunen følgde med og sat klar viss det var noko dei kunne gjere.

– Det er ein trist nyheit å få. Det er uvanleg at noko slik skjer hos oss, seier ordførar Andreas Wiese.

Kommunen har fredag kveld ikkje oppretta krisestab.

Festivalen «Lustrabalder» som no føregår i Gaupne held ifølge politiet fram som planlagt.